Nord-Vågsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nord-Vågsøy er ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, frå 1837 del av Selje formannskapsdistrikt.

1. januar 1910 vart Nord- og Sør-Vågsøy skilt ut som eigne kommunar frå Selje. Nord-Vågsøy hadde ved delinga 1 111 innbyggjarar.[1]

1. juli 1921 vart garden Blesrød i Nord-Vågsøy overført til Sør-Vågsøy kommune.

1. januar 1964 vart Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy i tillegg til delar av Davik og Selje kommunar slegne saman til den nye Vågsøy kommune. Nord-Vågsøy hadde ved samanslåinga 1 476 innbyggjarar.[1]

I Nord-Vågsøy finn ein bygdene Raudeberg, Halsør, Vedvik, Refvik, Kvalheim og Kråkenes. Raudeberg er den største staden og her finn ein Raudeberg skule og Nord Vågsøy kyrkje. På Kapellneset finn vi restane (tårnet) av den eldste kyrkja i kommuna. Fleire gravhaugar vitnar om at høvdingar eller stormenn har hatt sete her. Raudeberg skule er sams skule for elevane i desse bygdene. Halsør ligg på innsida av Vågsøy. Herifrå kan ein sjå utover Sildagapet, mot Stad og over til den vesle øya Silda. Mellom Halsør og Vedvik ligg eit langt nes som heiter Skongsnes. Ytst på neset ligg Skongenes fyr som skal leie båttrafikken sørover det stormfulle Stadhavet. Mot aust ser vi Seljeklosteret på øya Selja. Mot nordvest på Vågsøya ligg Refvik med den kjende Refviksanden. Her ligg også fotballbana til det lokale fotballklubben Tornado-Måløy FK. På vestsida av Vågsøy ligg Kvalheim. Her finn ein fuglefjellet Einevarden. Går ein over fjellet tilbake til Raudeberg kan ein sjå ned i Oppedalen med den kjende Kannesteinen. Seinare passerer vi Rystestølen (ein gamal støl som er restaurert).

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Nord-Vågsøy kommune frå 1910 til 1964:

1.1.1910[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
1111 1165 1109 1176 1270 1468 1476

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999. s. 53-56
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Nord-Vågsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå