Nord Pool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nord Pool Spot er eit offentleg selskap med hovudsæte i Oslo, som verkar som marknadsplass for energi i dei nordiske landa og er einaste mangenasjonale marknad for elektrisk energi. Selskapet vart skipa i 1993 under namnet Statnett Marked AS.

Statnett and Svenska Kraftnät åtte ei stund 50% kvar. I 2011 er stoda at Statnett og Svenska Kraftnät sit med 30% kvar, medan finske Fingrid Oyj og danske Energinet.dk sit med 20% kvar.

Nord Pool Spot har konsesjon som børs og er såleis under tilsyn frå Kredittilsynet for børsverksemda si. Nord Pool Spot vert regulert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) . Det norske Oljedirektoratet har gjeve Nord Pool Spot fullmakt til å styra straumutvekslinga med grannelanda.

Nord Pool inngjekk hausten 2007 samarbeid med OMX som òg eig dei nordiske børsane, med unntak av Oslo Børs. OMX att, er ått av Nasdaq.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]