Nordahl Grieg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordahl Grieg

Johan Nordahl Brun Grieg (1. november 19022. desember 1943) var ein norsk diktar, forfattar og journalist. Han var son av Peter Lexau Grieg (1864–1924), bror av Harald Grieg.[1] og fjern slektning av Edvard Grieg.[2]

Grieg var fødd i Bergen. Han debuterte i 1922 med Omkring Kap det gode Haab. I 1924 kom Skibet gaar videre.

Idealisme[endre | endre wikiteksten]

Grieg var kjend som ein sterkt engasjert motstandar av fascismen og positiv til kommunismen, sjølv om han aldri gjekk inn i Norges Kommunistiske Parti eller støtta den politiske verksemda til partiet. Han reiste til Sovjetunionen i 1933 og vart verande i to år, lenge nok til å kunne få kunnskap om Moskvaprosessane som Stalin sette i verk, og som Grieg forsvarte i artikkelen «Dramaet i Moskva» i tidsskriftet Veien frem i februar 1937. I denne artikkelen gjekk han til åtak på åtte norske forfattarar som kritiserte Moskvaprosessane. Prosessane gav òg grunnlaget for romanen Ung må verden ennu være.

Opphaldet i Sovetunionen styrkte interessa Grieg hadde for politikk, og vart byrjinga til eit sterkt anti-fascistisk engasjement. Men overgrepa som gjekk føre seg i Sovjetunionen medan han var der, endra altså ikkje det positive synet han hadde på kommunistregimet i landet. Borgarkrigen i Spania, då opprøraren Francisco Franco vart støtta av Adolf Hitler og Benito Mussolini utan at dei vestlege demokratia kom den lovleg valte spanske regjeringa til hjelp, har truleg hatt mykje å seie for Griegs haldning. Han kan ha sett det slik at storkrigen i Europa var i kjømda, og at dei vestlege demokratia ville kome til å velje den nazistiske sida i denne konflikten. Sumaren 1937 hadde den lovlege spanske regjeringa invitert til ein internasjonal forfattarkongress, og Grieg var i landet og skreiv seinare om opplevingane sine. I reportasjesamlinga Spansk sommer og dessutan òg i romanen Ung må verden ennu være, tok han soleis opp tema frå den spanske borgarkrigen. I reportasjane skildra han livet attom fronten og brutaliteten som høyrde krigen til, og intervjua med militære og sivile leiarar.

Etter den tyske invasjonen i 1940 av Noreg under den andre verdskrigen, kom han seg over til England. Grieg var med på transporten ut av Noreg av Norges Bank sitt gull, og var med regjeringa Nygaardsvold til Storbritannia. I England vart han utdanna som offiser, og deltok mellom anna som krigskorrespondent på flytokt over Tyskland. På eitt av desse tokta vart flyet skote ned, og Grieg og heile flymannskapet vart drepne. Grieg vart gravlagd i ei massegrav i Tyskland.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen vart Grieg halden fram som ein krigshelt. Fleire dikt han hadde skrive, vart mykje bruka under krigen og i tida etter, og det tonesette diktet Til ungdommen fekk ny aktualitet og vart mykje sunge under minneseremoniar etter terroråtaka i Noreg 22. juli 2011.

Nordahl Grieg-statuen på austsida av teatret Den Nationale Scene i Bergen vart avduka den 10. november 1957. Nordahl Griegs veg ved heimstaden hans i oppveksten, er kalla opp etter han.

Liste over utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Rundt Kap det gode Håp, 1922
  • Skibet gaar videre, 1924
  • Stene i strømmen, 1925
  • Kinesiske dage, 1927
  • En ung manns Kjærlighet, 1927
  • Barabbas, 1927
  • Norge i våre hjerter, 1929
  • Nordahl Grieg, Herman Wildenvey, Tore Ørjasæter, Arnulf Øverland: Dikter, 1930
  • Atlanterhavet, 1932
  • De unge døde, 1932
  • Vår ære og vår makt, 1935 -
  • Men imorgen, 1936 -
  • Spansk sommer, 1937
  • Ung må verden ennu være, 1938 -
  • Nederlaget, 1937 -
  • Dikt i utvalg, 1944
  • Friheten, 1945 -
  • Flagget, 1945
  • Håbet, 1946
  • Samlede verker, 1947
  • Samlede dikt, 1948
  • Langveisfra, 1964
  • Morgen over Finnmarksvidden, 1967
  • Skuespill / Nordahl Grieg, 1975
  • Norge, og andre dikt, 1976
  • Et varig vennskap, 1981 (redigert av Brikt Jensen)
  • Reise gjennom vår egen tid, 1982 (redigert av Martin Nag og Finn Pettersen)
  • Større kriger, 1989 (original tittel: Greater wars, omsett av Brikt Jensen)

Litteratur om Nordahl Grieg[endre | endre wikiteksten]

  • Edvard Hoem. Til ungdommen : Nordahl Griegs liv. Gyldendal, 1989. ISBN 82-05-29946-3
  • Jan Tveita. Om Vår ære og vår makt av Nordahl Grieg. Ad notam Gyldendal, 1999 ISBN 82-417-0864-5 - Boka i digitalisert fulltekstNasjonalbiblioteket
  • Erling T. Gjelsvik. Nordahl i våre hjerter : en musikal over Nordahl Griegs liv. Eide, 1990 ISBN 82-514-0361-8
  • Martin Nag. Ung må Nordahl Grieg ennå være. Solum Forlag, 1989 ISBN 82-560-0655-2
  • Martin Nag. Streiflys : Nordahl Grieg på ny : Essays. Ny dag, 1967
  • Fredrik J. Haslund. Nordahl Grieg : En dikter og hans tid. Gyldendal, 1962
  • Gerd Grieg. Nordahl Grieg - slik jeg kjente ham. Gyldendal, 1957
  • Harald Grieg. Nordahl min bror i En forleggers erindringer. Oslo, 1956
  • Kjølv Egeland. Nordahl Grieg. Gyldendal, 1953
  • Johan Borgen. Nordahl Grieg. Gyldendal, 1945 (utgjeve fyrst på svensk i Sverige 1944)
  • Arvid G. Hansen. Nordahl Grieg. Bokcentralen, 1939.

Referansar[endre | endre wikiteksten]