Norddal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen er om ei kyrkje på Sunnmøre, for ei kyrkje i Sunnfjord med liknande namn, sjå Nordal kyrkje.
For andre kyrkjer kalla Dale, sjå Dale kyrkje

Norddal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre
Sokn Norddal
Fellesråd Norddal
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Ole Larsen Døving
Material Tre
Innvigd 1784
 - Endringar Restaurert 1958 og 1984
Takryttar Midt over skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå kring 1510-20, truleg tysk.
Sitjeplassar 400
Kart
Norddal kyrkje
62°15′22″N 7°14′14″E / 62.256°N 7.2371°E / 62.256; 7.2371
Wikimedia Commons: Norddal kirke
Norddal kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Norddal kyrkje

Norddal kyrkje også kalla Dale kyrkje[1] er ei åttekantkyrkje i Dalsbygda i Fjord kommuneSunnmøre. Kyrkja vart bygd i 1782 og innvigd 25.juli 1784. Det var den fyrste åttekantkyrkja på Sunnmøre. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Larsen Døving. Kyrkja vart oppført i presten Ludolf Krohns tid. «Kyrkjebrevet» viser grunnrisset som tømrarane arbeidde etter, det viser òg namnet på dei 12 tømrarane som hadde ansvar for kvart sitt hjørne i laftekonstruksjonen.[2] Fire søyler står midt i rommet for å støtte tak og tårn. Norddal kyrkje er den mest typiske mellom åttekantkyrkjene på Møre og har eit vakkert profilert tårn, skriv Vreim.[3]

Byggmeisteren var sjølv på reise til Trøndelag for å sjå på ymse kyrkjebygg, og i «nærleiken» av Trondheim fann dei ei kyrkje dei likte godt og som byggmeisteren teikna eit grunnriss av. Det var truleg Hospitalskyrkja i dei kopierte, men det kan og ha vore Bakke kyrkje i Trondheim.[2] Seinare åttekantkyrkjer på Sunnmøre kan ha blitt inspirert av Norddal kyrkje, til dømes Stordal gamle kyrkje oppført få år seinare og tidlegare Ørskog kyrkje som no er Leikanger kyrkje i Herøy.[4]

Altertavla er frå seinmellomalderen, kring 1510–20, og er truleg tysk. Ho har mykje sams med tavler laga ved verkstaden til Bernt Notke i Lübeck.[5] I kyrkja er det ei smijernslysekrone som også kan vere frå mellomalderen. Preikestolen er i hollandsk stil og truleg frå 1600-talet, medan døypefonten truleg er tysk og frå kring år 1600.[6] Ved innreiinga av nykyrkja i 1782 støtta dei seg på Peder Palladius' bok om korleis kyrkjer skulle sjå ut innvendig, mellom anna skulle preikestolen vere på sørsida av koropninga.[4] Ved inngangen var det eigen benk for «inngangskoner» - kvinner som nyleg hadde fødd var «ureine» og presten måtte be for dei før dei først.[6]

Det er kyrkjegard kring kyrkja. Der står det eit minnesmerke over dei som omkom i Tafjord-ulukka i 1934.

Kyrkja er soknekyrkje i Norddal sokn i Austre Sunnmøre prosti. På Sylte i Valldal rett over fjorden står den andre kyrkja i Norddal.

Domenico Erdmann (1879-1940) restaurerte altertavla i 1922 og skreiv då: «Kirken smykkes af et yndefullt tårn som i sine forhold og detaljering røber en av våre betydeligste kirkebyggere.»

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det har vore nytta ulike namn på hovudkyrkja i soknet. I Aslak Bolts jordebok (om lag år 1440) vart hovudkyrkja (som då truleg stod på Sylte) kalla både «Dals kirkju» og «Sulta kirkju». I Olav Engelbrektssons jordebok står det «Daell Sogn», ogsåTrondhjems reformats 1589 skriv «Dals kirke» som kyrkja på Sylte. Kjeldene har altså brukt «Dals kirkju» og «Daell Sogn» for heile soknet også då Sylte var einaste kyrkjestaden. Etter den tid er «Norddal» det vanlege i følgje skriftlege kjelder, også før garden Dale vart kyrkjestad. Frå 1882 blir også «Dale kyrkje» nytta i visitasprotokollane og denne forma står sterkt i den munnlege tradisjonen - kanskje heilt attende frå den tida «Dale» var namn på skipreida. På Dale vart det også halde ting, i periodar var dette tingstad ikkje berre for dagens Norddal kommune, men og for det området som no er Stranda kommune.[2][7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja med kyrkjegard

Før det noverande kyrkjebygget stod det ei stavkyrkje på staden, denne stavkyrkja var i følgje soga flytt dit frå Sylte i Valldal på hi sida av fjorden på 1620-talet. Dette er ei gåtefull hending fordi ein ikkje kjenner den konkrete bakgrunnen eller motiv for flyttinga.[7] Somt av vyrket frå stavkyrkja vart attbrukt då dei bygde åttekantkyrkja. Den gamle stavkyrkja var krossforma og relativt stor (skipet var 22,5 m langt og 7,5 m breitt), i 1686 vart stavkyrkja utvida ved at koret vart lagt til skipet og nytt kor kom i eit tilbygg. Hans Strøm skriv i 1766 om garden Dale og kyrkja der:

«Paa denne Gaard staaer Nordals Kirke, nær ved Stranden, ikke langt fra Dalens Østre Field Strækning, som i henseende til Steen Skrede just ikke er meget farlig, med lod dog for nogle Aar siden en meget stor Steen eller Bierg-Stykke falde ned, som tog Veien lige hen til Kirken, og maatte ganske have beskadiget samme, om den ei hadde stanset tet ved Kirkegaarden, hvor den endnu sees liggende, og vises af Indbyggerne som et halvt Mirakel eller Vidunder. Kirken bestaaer kun af Staver, og af een Længde, som er alt for smal og uproportioneret imod Bredden; hvilket kommer deraf, at Kirkens gamle Chor blev i Aaret 1686 for des meere Rummeligheds Skyld lagt til hoved-Bygningen, og denne igjen forøget med et nyt Chor.»[8]

Sjølv om Dale var tingstad og truleg eit slags sentrum på Indre Sunnmøre er det, ikkje spor av eldre kyrkjer på Dale før stavkyrkja vart flytta frå Sylte.[9]

1814[endre | endre wikiteksten]

Valg til Riksforsamlinga på Eidsvoll og det første Stortinget i 1814 skjedde valget hovudsakleg i kyrkjene (etter gudstenesta).[10] Valget var indirekte ved at prestegjeldet valde to valmenn til valmannsforsamlinga i Romsdals amt. I følgje referatet møtte heile almugen frå prestegjeldet på «den berammede Bededag» 25. mars 1814. Frå Norddal prestegjeld (med Sunnylven og Geiranger) vart soknepresten Johan Christopher Haar Daae og «Kirkeværger og anden Forligelses Commisair» Ole A. Dahle vald. Dei skulle møte i valmannsforsamlinga på Molde 30. mars.[11] Norddal kyrkje er ei av dei opphavelege kyrkjene og får i 2014 eit skilt til minne om hendinga.[12]

Prestegarden på Engeset[endre | endre wikiteksten]

Lengre oppe i bygda ligg garden Engeset med den 300 år gamle prestegarden. Drift av garden ga presten inntekt og var for det meste også bustad for prest eller kapellan. Nokre av prestane, mellom anna Astrup, tok sjølve del i kroppsarbeid på garden. Det var i mai 1694 at kongen i København gav ordre om at Engeset skulle avløyse Sylte i Valldal som prestegard. Kyrkja var allereie omkring 1620 flytta frå Sylte over Norddalsfjorden til Dale, slik at både presten og store delar av kyrkjelyden måtte krysse fjorden for å kome til kyrkje. Sylte hadde frå gamalt av vore både kyrkjestad og prestegard, og var det fortsatt etter flyttinga. I det store skadeåret 1679 vart mykje av Syltebøen øydelagt av elvebrot, prestegarden fekk store skadar og mykje av kyrkjegarden vart skylt på sjøen.[13]

Prestar[endre | endre wikiteksten]

Norddal med Synnylven og Geiranger vart eige prestegjeld i 1673 (før dette ein del av Ørskog), i 1861 vart Sunnylven og Geiranger skilt ut som eige prestegjeld. Fram til 1673 var presten i Norddal formelt «residerande kapellan». Lista er ikkje fullstendig.[14]

  • Iver Eriksen 1586-1610. Sonen Erik flytta til Leikanger og brukte etternamnet «Nordal», sonesonen Iver (1629-1702) og etterslekta brukte namnet «Leganger».[15] Dottera G(j)ertrud var ifølgje Lampe mor til seinare sokneprest Peder Rasmussen Brandal.[14]
  • Arne Evensen 1610-1634 («Herr Arne på Sylte»)
  • Hagen Jakobsen 1634-1654
  • Peder Rasmussen Brandal 1678-1690
  • Rasmus Pedersen Brandal 1690-1706 (son av førre presten)
  • Magnus Reutz 1706-1717 (gift med dotter av Peder R. Brandal)
  • Christopher Tanche 1717-1727
  • Otto Finde Astrup 1745-1771 (truleg bilete av han i kyrkja)
  • Ludolf Krohn 1772-1784
  • Edvard Meyer 1785-1804
  • Johan Christopher Haar Daae 1804-1820 (bestefar til Ludvig Daae og Suzannah Ibsen)
  • Christian Frederik Hvidt 1821-1840
  • Harald Thaulow 1840-1844
  • Rasmus Møglestue Dometius 1845-1851
  • Rasmus Andreas Rolland 1852-1862
  • Gerhard Gunnerus Bergh 1862-1871 (svoger av Aage Schavland)
  • Hans Christian Astrup Ingier 1871-1879
  • Nils Astrup 1879-1882
  • Hans Henrik Christian Borchgrevinck 1883-1888

Tidsline for kyrkjene i Norddal kommune[endre | endre wikiteksten]

Sunnylven og Geiranger var til 1861 sams prestegjeld med Norddal og er tatt med her. I følgje tradisjonen skal det ha vore ei tredje kyrkje i Valldal, Bjorkne kyrkje på Omenås, men kjeldene manglar nærare opplysningar.[9]

  • 1028: Olav den Heilage reiser gjennom Valldal, to krossar er reist på Sylte skriv Snorre.[16]
  • 1432: Sylte og «Dals» kyrkje nemnt første gong, Sunnylven kyrkje nemnt første gong
  • 1589: Trondhjems Reformats nemner «Dals kircke» og «Dyffuings cappell», og Geiranger kyrkje
  • 1620 (om lag): Stavkyrkja på Sylte blir flytta til Dale
  • 1673: Norddal med Sunnylven og Geiranger blir skilt ut frå Ørskog som eige prestegjeld
  • 1694: Engeset avløyser Sylte som prestegard
  • 1727: Sunnylven kyrkje på Korsbrekke tatt av snøskred (ny kyrje i 1730)
  • 1744: Ny krosskyrkje bygd i Geiranger
  • 1754: den gamle stavkyrkja på Døving blir erstatta av tømmerbygg
  • 1782: stavkyrkja på Dale blir erstatta av åttekantkyrkje i tømmer
  • 1812: kyrkjebygget på Døving blir flytta til Sylte
  • 1841: Geiranger kyrkje brenn ned, ny åttekantkyrkje blir oppført
  • 1859: ny kyrkje på Hellesylt - mogleg inspirasjon for Sylte kyrkje
  • 1861: Sunnylven med Geiranger blir eige prestegjeld
  • 1863: ny kyrkje blir oppført på Sylte

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 26. november 2011 
  2. 2,0 2,1 2,2 Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker, band IV. Valldal, 1976.
  3. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  4. 4,0 4,1 Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  5. Om Norddal kyrkje på nettstaden kulturnett.no
  6. 6,0 6,1 Storfjordnytt 10. mai 2013.
  7. 7,0 7,1 Furseth, Astor (red.) (1982): Norddal kyrkje (Dale kyrkje) 1782-1982. Utgjeve av Norddal sokneråd 1982.
  8. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.258-259.
  9. 9,0 9,1 Furseth, Astor (1994): Kyrkjebjørka. Årbok for Norddal.
  10. 1814 - våre første nasjonale valg Arkivert 2014-02-20 ved Wayback Machine. Arkivverket, lese 22.februar 2014.
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. juni 2021, henta 22. februar 2014 
  12. Feiring av kirkene som arena Arkivert 2014-02-25 ved Wayback Machine. Arkivverket, lese 22.2.2014
  13. Furseth, Astor (1994): "Prestegarden 300 år." Årbok for Norddal. Valldal: Norddal mållag.
  14. 14,0 14,1 Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  15. SNL/Norsk biografisk leksikon lese 10.februar 2013.
  16. Snorre Sturluson: Noregs kongesoger, Soga om Heilag Olav, del 179.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]