Norderney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norderney
Norderney Landsat7.png
Geografi
Wadden - Norderney.PNG
Stad Vadehavet i Nordsjøen
Koordinatar 53°42′26″N 07°08′49″EKoordinatar: 53°42′26″N 07°08′49″E
Øygruppe Dei austfrisiske øyane
Areal 26,3 km²
Administrasjon
Land Tyskland
Delstatar
Landkreis
Niedersachsen
Aurich
Demografi
Folketal 6 200 (2006)
Folketettleik 236 /km²

Norderney er ein av sju busette austfrisiske øyane i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland. Ho er òg ein kommune i landkreis Aurich i Niedersachsen.

Øya er 14 km lang og om lag 2,5 km brei, har eit totalt areal på 26,4 km², og er derfor den tiande største øya i Tyskland. Norderney har om lag 6 200 innbyggjarar: I 1946 fekk Norderney kommunestatus. På nordsida av øya ligg det ei 14 km lang strand.

Naboøya i aust er Baltrum, som ligg 800 meter borte. 3 km mot vest ligg Juist.

Heile den austlege halvdelen av Norderney høyrer til Wattenmeer nasjonalpark. Det er avgrensa tilgang til for å verne dyrelivet.

Frå Norderney er det ferjesamband til fastlandet ved byen Norden. Norderney har òg ein flyplass med 1 000 meter lang rullebane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norderney er den yngste av dei sju austfrisiske øyane med busetnad. Øya har berre eksistert slik ho er i dag sidan midten av 1500-talet, og er den austlege resten av den større øya Buise. Buise vart delt i to under flaumen Grote Mandrenke i 1362. Den austlege halvdelen vart først kalla Ostrende. Det som var igjen av Buise forsvann gradvis gjennom åra og vart til slutt borte i Nordsjøen under Petriflaumen i 1651. Ostrende voks derimot og vart under ei folketejling i 1550 kalla Norder neys Oog (Nordleg ny øy), og hadde ei kyrkje og 18 hus. Innbyggjarane på denne tida var hovudsakleg fiskarar. På den andre halvdelen av 1700-talet var sjøhandel ein viktigare industri, og etter kvart vart òg turisme ein viktig del av økonomien på øya. I 1797 vart Norderney den første tyske feriestaden ved Nordsjøen.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Dei frisiske øyane

Dei vestfrisiske øyane
Noorderhaaks - Texel - Vlieland - Richel - Terschelling - Griend - Ameland - Rif - Engelsmanplaat - Schiermonnikoog - Simonszand - Rottumerplaat - Rottumeroog - Zuiderduintjes

Dei austfrisiske øyane
Borkum - Lütje Hörn - Kachelotplate - Memmert - Juist - Norderney - Baltrum - Langeoog - Spiekeroog - Wangerooge - Minsener-Oldoog - Mellum - Langlütjen I og II - Neuwerk - Scharhörn - Nigehörn - Trischen - Blauort

Dei nordfrisiske øyane
Pellworm - Hallig - Amrum - Föhr - Sylt - Jordsand - Rømø - Mandø - Fanø - Langli