Nordfjord Folkemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordfjord Folkemuseum

Holvikjekta er ein del av Norfjord Folkemuseum si samling
Nordfjord Folkemuseum
StadSandane
Skipa1920
Opna25. juli
MuseumstypeFolkemuseum
DirektørAslaug Nesje Bjørlo
Nettstadwww.sfj.no/cms/nf/cms.nsf
Kart
Nordfjord Folkemuseum
61°46′22″N 6°13′16″E / 61.7728°N 6.221°E / 61.7728; 6.221

Nordfjord Folkemuseum i Åsen på Sandane i Nordfjord vart offisielt opna 25. juli 1920. Alt i 1907 var det fleire møte om å opprette eit museum i Nordfjord. Då Nordfjord Sogelag vart skipa i 1908 var museumsaka viktigaste oppgåve for dette laget. Kommunane i Nordfjord skulle bestemme kvar museet skulle ligge. Mellom dei var det like mange som meinte at det burde plasserast på Nordfjordeid, som på Sandane. Årsmøtet i Nordfjord Sogelag vedtok i 1909 at Sandane skulle veljast. Det vart sett i gang å samle inn pengar, og å kjøpe inn og reise gamle bygningar. Det vart og samla inn gjenstandar. I 1915 fekk museet eige styre, som vart underlagt styret i Nordfjord Sogelag.

Det synte seg at museumsområdet vart for trongt. Først på 1960-talet vart difor alle bygningane flytt til Jølet på Sandane. Her er det oppsett over 40 eldre hus. I 1995 vart det opna ein nytt eldfast arkiv- og magasinbygning. Det vert og brukt av administrasjonen.

I eit eige jektenaust på Austrheim, vest for Sandane sentrum, står Holvikjekta. Ho vart bygd i 1881, og sett på land i 1905.

Nordfjord Folkemuseum har sidan 2009 vore ei avdeling under det konsoliderte museet Musea i Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]