Nordfjordbunad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordfjordbunad er ein bunad frå Nordfjord. Det har vore fleire ulike versjonar av Nordfjordbunaden, både grå og brune variantar har vorte påviste, men den svarte er mest brukt, og er kjent som den offisielle Nordfjordbunaden.

Kvinnebunaden har svart, folda stakk med vove band nest. Livet kan vere svart, raudt eller grønt, og er kanta med same vovne banda som nede på stakken. Forkleet er vove, med broderi av ulike lokale versjonar og tradisjonar. Ei brodert eller voven lomme skal henge på venstre side. Skjorta er brodert i svartsaum eller kvitsaum, rundt krage, ermar og eventuelt ein stem, som går midt framme på skjorta og dekker opet framme. Det høyrer også til cape. Capen finst i 2 versjonar, rynkecape, og glatt. Brosja til samanfesting av skjorta (sølvknappen) er av sølv og grøne steinar er vanlegast til denne bunaden (sjølv om det òg finst raude steinar, eller ein kombinasjon av desse). Det høyrer òg til ei hovudsølje med lauv. Mange brukar sølvbelte til denne bunaden, sjølv om det eigentleg ikkje høyrer til. Det er ikkje vanleg med hovudplagg til kvinnebunaden, men det finst ein brokadelue (med kvit blondekant for ugifte), og svart hovudsjal er òg lov.

Mannsbunaden er også svart. Bunaden har ein nikkers, kalla klaffebukse i heilt svart. Det finst også heilbuksevariantar med broderi nedst. Jakka er livkort og rekk til linning, eller ein sidare variant som rekk nedom setet bak, og er skåren høgare ved bukselinning framme. Den har broderi i grønt eller svart på kragen. Vesten er vanlegvis grøn (den kan vere raud), og nokre versjonar har raude pyntelinjer i kantar. Skjorta er ikkje ulik kvinnebunaden, men er gjerne noko lettare brodert. Den blir festa i halsen med enkel eller dobbel sølvknapp, slik som kvinnebunaden. Bunaden er godt utstyrt med knappar i sølv (messing kan nyttast som eit billegare alternativ). Klaffebuksa har seks knappar i livet og tre på kvar legg. Jakka har åtte knappar i to rekkjer. Den skal ikkje kneppast, men kan festast framme via ei sølvlekkje. Vesten har seks knappar i to rekkjer, og skal kneppast. Til bunaden kan ein ha sølvur i vestlomma og bunadkniv på høgre side. Hovudplagg er uvanleg, men svart "rallarhatt" kan brukast.