Nordfjorden i Sør-Trøndelag

Koordinatar: 63°45′22.990″N 10°1′26.378″E / 63.75638611°N 10.02399389°E / 63.75638611; 10.02399389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°45′22.990″N 10°1′26.378″E / 63.75638611°N 10.02399389°E / 63.75638611; 10.02399389

Nordfjorden sett frå Bjørkvik
Foto: Piotr Gatkiewicz

Nordfjorden er ein fjordarm av Stjørnfjorden i Ørland og Indre Fosen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 8 km nordaustover til Inner-Råkvågen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stallvika i nordvest og Voknøya i søraust. Tettstaden Råkvågen ligg på sørsida av fjorden. Bergkallen er ei halvøy som stikk seg sørvestover i Stjørnfjorden og deler den indre delen i to. Nordfjorden er den nordlegaste av desse, medan Sørfjorden ligg på andre sida.

Fylkesveg 133 i Sør-Trøndelag går langs delar av sørsida av fjorden.