Nordfjordmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordfjordmål er dei forskjellige dialektar som høyrer til området Nordfjord, kalla etter den nordlegaste fjorden i fylket Sogn og Fjordane. Desse dialektane høyrer til dei norske målføra vi kallar nordlege e-mål. Dei har mange trekk som heng saman med andre målføre frå Sogn og Fjordane, som målføra i Ytre Sogn, Sunnfjord og Jølster, til og med ein god del med målet frå Sunnmøre som også høyrer til denne gruppa dialektar. Målet var — og er på eit vis — levande endå i utlandet med dei mange utvandrarar som kom til Amerika i dei to siste hundreåra. Nordfjordmålet med sine variantar har framleis trekk frå gammalnorsk, til dømes ein slags d-lyd i ordet sau - Saud, og bruk av arkaiske genitiv-former og dativ (no mest hjå eldre).

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.