Nordgulen i Bremanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For sida om bygda i Gulen kommune, sjå Nordgulen i Gulen.

Nordgulen er ein fjordarm av Gulen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han strekkjer seg 8,5 km austover til Svelgen, kommunesenteret i Bremanger.

Fjorden har innløp mellom Leirvikneset i vest og Kvieneset i aust. Bruket Dyrstad ligg på nordsida av fjorden, medan Eikeland og Byrkjelia ligg på sørsida. Bortsett frå desse er det ingen andre busetnader bortsett frå Svelgen.

Fv572 går på nordsida av fjorden, medan Rv614 går på sørsida.