Nordisk Råds litteraturpris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nordisk Råds litteraturpris blir gjeve til eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Verket kan vere ein roman, eit drama, eller ei samling av dikt, noveller eller essay. Verket må fylla høge litterære og kunstnarlege krav. Prisen blei oppretta i 1962 og blir kvart år delt ut av Nordisk Råd. Føremålet med prisen er å auke interessa for språket og litteraturen i grannelanda, og å fremje det nordiske kulturfellesskapet. Ved opprettinga var prissummen 50 000 danske kroner. Sidan 1995 har prisen vore på 350 000 danske kroner.

Nominasjonsprosessen[endre | endre wikiteksten]

Kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige har ein komitè som kan nominere opptil to verk innan 1. desember kvart år. I tillegg kan det nominerast eitt verk kvar frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet.

I utgangspunktet er det verk skrivne innan dei to siste åra som kan nominerast, men sidan verk skrivne på finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk eller samisk må finnast i omsett utgåve på anten dansk, norsk eller svensk for å kunne vurderast, kan dei vere komne ut i løpet av dei fire siste åra.

Tildelingar[endre | endre wikiteksten]

Land og språkområde[endre | endre wikiteksten]

Frå starten vart det nominert opp til to verk kvar frå Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå og med 1985 vert det også nominert opp til eitt verk kvar frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er høvelege kandidatar. Færøyingen William Heinesen fekk likevel prisen allereide i 1965, men han var då nominert frå Danmark.

Nils-Aslak Valkeapää som fekk prisen i 1991, var nominert frå det samiske språkområdet, og Rói Patursson frå Færøyane fekk prisen i 1986. Elles er alle tildelingane gått til forfattarar frå dei fem store landa, med femten prisar til Sverige, ti til Danmark, ni til Noreg, åtte til Finland og seks til Island.

Kjønnsfordeling[endre | endre wikiteksten]

Sara Lidman fekk prisen som fyrste kvinne i 1980, etter 18 strake tildelingar til mannlege forfattarar. Ti av dei femti som har motteke prisen til og med 2010 er kvinner. Det gjev ei fordeling på 20% prosent til kvinner og 80% til menn, men om ein ser berre på dei siste fjorten åra så er tildelingane jamt fordelte mellom kjønna.

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Forfattar Verk Nominert frå Språk
2014 Leine Kjell Westö Hägring 38 (Svik 1938) Finland Flag of Finland.svg Finland Svensk
2013 Leine Kim Leine Profeterne i Evighedsfjorden Danmark Danmark Danmark Dansk
2012 Lindstrøm Merethe Lindstrøm Dager i stillhetens historie Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
2011 Elíasson Gyrðir Elíasson Milli trjánna Island Island sitt flagg Island Islandsk
2010 Oksanen Sofi Oksanen Puhdistus Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
2009 Petterson Per Petterson Jeg forbanner tidens elv Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
2008 Aidt Naja Marie Aidt Bavian Danmark Danmark Danmark Dansk
2007 Stridsberg Sara Stridsberg Drömfakulteten Sverige Sverige Sverige Svensk
2006 Sonnevi Göran Sonnevi Oceanen Sverige Sverige Sverige Svensk
2005 Sjón (Sigurjón Birgir Sigurðsson) Skugga-Baldur Island Island sitt flagg Island Islandsk
2004 Hotakainen Kari Hotakainen Juoksuhaudantie Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
2003 Ström Eva Ström Revbensstäderna Sverige Sverige Sverige Svensk
2002 Christensen Lars Saabye Christensen Halvbroren Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
2001 Kjærstad Jan Kjærstad Oppdageren Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
2000 Nordbrandt Henrik Nordbrandt Drømmebroer Danmark Danmark Danmark Dansk
1999 Tafdrup Pia Tafdrup Dronningeporten Danmark Danmark Danmark Dansk
1998 Fosström Tua Forsström Efter att ha tillbringat en natt bland hästar Finland Flag of Finland.svg Finland Svensk
1997 Willumsen Dorrit Willumsen Bang. En roman om Herman Bang Danmark Danmark Danmark Dansk
1996 Lønn Øystein Lønn Hva skal vi gjøre i dag og andre noveller Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
1995 Einar Már Guðmundsson Englar alheimsins Island Island sitt flagg Island Islandsk
1994 Ekman Kerstin Ekman Händelser vid vatten Sverige Sverige Sverige Svensk
1993 Hultberg Peer Hultberg Byen og Verden Danmark Danmark Danmark Dansk
1992 Fríða Á. Sigurðardóttir Meðan nóttin liður Island Island sitt flagg Island Islandsk
1991 Valkeapää Nils-Aslak Valkeapää Beaivi, áhcázan Island Sami flag.svg Det samiske språkområdet Nordsamisk
1990 Tranströmer Tomas Tranströmer För levande och döda Sverige Sverige Sverige Svensk
1989 Solstad Dag Solstad Roman 1987 Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
1988 Thor Vilhjálmsson Grámosinn Glóir Island Island sitt flagg Island Islandsk
1987 Wassmo Herbjørg Wassmo Hudløs himmel Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
1986 Patursson Rói Patursson Likasum Færøyane Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane Færøysk
1985 Tuuri Antti Tuuri Pohjanmaa Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
1984 Tunström Göran Tunström Juloratoriet Sverige Sverige Sverige Svensk
1983 Seeberg Peter Seeberg Om fjorten dage Danmark Danmark Danmark Dansk
1982 Delblanc Sven Delblanc Samuels bok Sverige Sverige Sverige Svensk
1981 Snorri Hjartarson Hauströkkrið yfir mér Island Island sitt flagg Island Islandsk
1980 Lidman Sara Lidman Vredens barn Sverige Sverige Sverige Svensk
1979 Lo-Johansson Ivar Lo-Johansson Pubertet Sverige Sverige Sverige Svensk
1978 Fløgstad Kjartan Fløgstad Dalen Portland Noreg Noreg Noreg Norsk (nynorsk)
1977 Carpelan Bo Carpelan I de mörka rummen, i de ljusa Finland Flag of Finland.svg Finland Svensk
1976 Olafur Ólafur Jóhann Sigurðsson Að laufferjum og Að brunnum Island Island sitt flagg Island Islandsk
1975 Salama Hannu Salama Siinä näkijä missä tekijä Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
1974 Sørensen Villy Sørensen Uden mål - og med Danmark Danmark Danmark Dansk
1973 Meri Veijo Meri Kersantin poika Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
1972 Vennberg Karl Vennberg Sju ord på tunnelbanan Sverige Sverige Sverige Svensk
1971 Hansen Thorkild Hansen Slavernes øer Danmark Danmark Danmark Dansk
1970 Rifbjerg Klaus Rifbjerg Anna, jeg, Anna Danmark Danmark Danmark Dansk
1969 Enquist Per Olov Enquist Legionärerna Sverige Sverige Sverige Svensk
1968 Sundman Per Olof Sundman Ingenjör Andrées luftfärd Sverige Sverige Sverige Svensk
1967 Borgen Johan Borgen Nye noveller Noreg Noreg Noreg Norsk (bokmål)
1966 Ekelöf Gunnar Ekelöf Diwán över Fursten av Emgión Sverige Sverige Sverige Svensk
1965 Heinesen Deld pris:William Heinesen Det gode Håb Danmark Danmark Danmark Dansk
1965 Lagercrantz Deld pris: Olof Lagercrantz Från Helvetet till Paradiset Sverige Sverige Sverige Svensk
1964 Vesaas Tarjei Vesaas Is-slottet Noreg Noreg Noreg Norsk (nynorsk)
1963 Linna Väinö Linna Täällä Pohjantähden alla III Finland Flag of Finland.svg Finland Finsk
1962 Johnson Eyvind Johnson Hans nådes tid Sverige Sverige Sverige Svensk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]