Nordkinnhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nordkinnhalvøya, tidlegare kalla Nordkynhalvøya, (samisk: Čorgašnjárga) er ei halvøy i Finnmark. Halvøya er delt mellom Gamvik kommune og Lebesby kommune, og er berre knytt til resten av fastlandet med det smale Hopseidet. Halvøya ligg mellom Tanafjorden i aust og Laksefjorden i vest.

De viktigaste tettstadane på Nordkinnhalvøya er Mehamn, Gamvik og Kjøllefjord. Høgaste punkt på Nordkinnhalvøya er Storvarden på Sandfjellet, på 486 moh. Lengst nord på halvøya er Kinnarodden, som er det nordlegaste punktet på fastlandet i Noreg og Europa. Nord for Gamvik ligg Slettnes fyr, som er verdas nordlegaste fastlandsfyr.

Kommunikasjonsmessig er Nordkinnhalvøya knytt til resten av vegnettet med riksveg 888, som opna i 1989. Mehamn og Kjøllefjord har anløp av hurtigruta, og Mehamn har flyplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]