Nordkjempepetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordkjempepetrell

Status i verda: LC Livskraftig

I flukt over Godthul, Sør-GeorgiaFoto: Liam Quinn
I flukt over Godthul, Sør-Georgia
Foto: Liam Quinn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Macronectes
Art: M. halli
Vitskapleg namn
Macronectes halli
Mathews, 1912

Nordkjempepetrell (Macronectes halli) er ein stor, mørk sjøfugl i stormfuglfamilien. Arten lever pelagisk og er utbreidd sirkumpolart på kystar og til havs i den subantarktiske regionen. Hekkinga skjer på øyar, den største hekkepopulasjonen finst på Sør-Georgia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Med ei kroppslengd på ca. 90 centimeter og kroppsmasse på rundt 4,5 kilogram har nordkjempepetrell større kropp enn til dømes Phoebastria-abatrossane, men mindre vengespenn. Nordkjempepetrell kan oppnå vengespenn på over 2 meter.[1] Kroppsmassen til hofuglar er ca. 80 % av hannen sin kroppsmasse.[2] Fjørdrakta er gråbrun, framhovud og hals kan bli kvite. Unge fuglar er mørk brune. Kjempetretrellar har massive, gule nebb, nordkjempepetrellen med raudbrun nebbtupp, det sikraste kjenneteiknet som skil han frå sørkjempepetrell.

Denne arten lever på kystar i alle sørlege hav, i Sørishavet og i sørlege område av Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet. Denne utbreiinga overlappar utbreiingsområdet til sørkjempepetrellen i ei viss mon, men sistnemde held seg typisk lenger sør. Om sommaren hekkar og beitar han mellom 40 og 64 grader sør, men kan streife nord til 28° sør i vinterhalvåret.[2]

Nordkjempepetrellane er ikkje typiske kolonihekkarar, men hekkar parvis i eigne territorium. Dei største hekkepopulasjonane, på over 1000 par, ligg på Sør-Georgia, Chathamøyane, Kerguelen, Crozetøyane og på Macquarieøya.[3] Men dei hekkar òg spreidd i mindre tal på andre øyar. Oftast beitar dei einslege ute på havet, men kan òg samlast i blanda flokkar når dei følgjer fiskebåtar for å ta utkast.

I strandsona kan dietten bestå av åtsel av pattedyr og fuglar, dei kan og vere predatorar på pingvinar. Hoer et i større grad fisk og krepsdyr fanga på overflata av havet enn det hannar gjer. Nordkjempepetrellar kan dukke ned til 2 meter på jakt etter føda.

Reira er bygd av gras og anna vegatasjon, egglegging skjer frå august til oktober og det eine kvite egget har ei rugetid på ca. 60 dagar, etter det blir ungen heldt varm i 2-3 veker. Ungane kan flyge etter ca. 112 dagar og dreg ut på havet frå slutten av februar. Dei er mellom 9 og 11 år når dei blir hekkefuglar.

Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til ca. 17 000-21 000 individ, og er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Curtis, Lee K (2012). Queensland's threatened animals. Collingwood, Vic.: CSIRO Pub.. s. 262. ISBN 9780643096141 0643096140 9780643104563 0643104569. 
  2. 2,0 2,1 Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities (2011). Background Paper, Population Status and Threats to Albatrosses and Giant Petrels Listed as Threatened under the Environment Protection and Biodiversity Conservation Act 1999. Commonwealth of Australia, Hobart. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordkjempepetrell