Nordkjosbotn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Balsfjord | |
| Fylke | Troms | |
| Folkemengd[1] | 393 (2012) | |
| Folketettleik | 491,3 /km² | |
| Areal[1] | 0,8 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E6 E8 | |
| Postnummer | 9040 NORDKJOSBOTN | |
| Preposisjon | i Nordkjosbotn | |
| Kart | ||
|
|
||
| Koordinatar: | ||
Nordkjosbotn har 393 innbyggjarar (2012) og er den nest største tettstaden i Balsfjord kommune i Troms, etter Storsteinnes. Han er eit senter for utdanning og handel, og blir gjerne kalla største vegkrysset i Nord-Noreg fordi han er møtepunkt for E6 og E8. Senteret rundt dette vegkrysset blir på folkemunne kalla Vollan, og er mellom anna berømt for Vollan gjestestue, som har satsa på å servere tradisjonsrik nordnorsk mat. I Nordkjosbotn ligg óg ein vidaregåande skole med både studieførebuandefag og yrkesutdanning. Skulen har rundt 200 elevar frå Balsfjord og kommunane kring .
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.