Nordmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordmark innanfor riket, 900-talet.

Nordmark var eit område som vart oppretta då det store marca Geronis vart delt i 965. Det utgjorde opphavleg den nordlege tredjedelen av marca (som i dag er det moderne Brandenburg) og var ein del av ei organisering av landområda som vart erobra frå vendarane. Slavarane gjorde opprør i 983 og tok kontrollen over området frå tyskarane før markgrevskapet Brandenburg vart oppretta av Albrekt Bjørnen på 1100-talet.

Slavisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nordmark vart oppretta i områda som i antikken vart kalla Magna Germania, som strekte seg til elva Wisła. Under folkevandringsperioden flytta mange germanske folk mot den romerske grensa. I nordaust vart dei hovudsakleg erstatta av slavarar. Dei første slavarane var i Brandenburg-området i 720, etter avarar kom til Europa. Desse slavarane kom via Mähren, der dei hadde vore sidan midten av 600-talet. Restane av dei germanske semnonarane vart ein del av desse slaviske gruppene.

Folkegruppa som slo seg ned ved elva Spree vart kjend som sprevanarar. Dei slo seg ned aust for linja mellom ellvane Havel og Nuthe i det som i dag er Barnim og Teltow. Dei bygde det største festningsverket sitt der Spree og Dahme rann saman ved Köpenick. Hevellane budde vest for denne linja, i dagens Havelland og Zauche. Dei vart kalla habellarar etter det gamle germanske namnet på elva, «Habula» (Havel). Dei kalla seg sjølv stodoranie. Dei bygde det viktigaste festningsverket sitt ved Brenna (dagens Brandenburg). Hevellane bygde også ein stor utpost der Zitadelle Spandau i Berlin ligg i dag. Sprevanarane og hevellane gjekk ikkje berre til krig mot germanarane, men også mot slavarane som var naboar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brandenburg Wappen.svg
Prussiaflag small.jpg

Historia til Brandenburg og Preussen
Nordmark
før 1100-talet
Gammalprøyssarane
før 1200-talet
Markgrevskapet Brandenburg
11571618 (1806)
Ordensstaat
12241525
Hertugdømet Preussen
15251618
Det kongelege (polske) Preussen
14661772
Brandenburg-Preussen
16181701
Kongedøme i Preussen
17011772
Kongedømet Preussen
17721918
Fristaten Preussen
19181947
Brandenburg
19471952 / 1990

Oppretting og tap, 965–983[endre | endre wikiteksten]

Etter sachsarkrigen i 808 gav den sigrande Karl den store delar av Sachsen mellom Elbe og Austersjøen til dei slaviske stammene som han var alliert med. Etter dette følgde ein periode med ro. bispedøma Brandenburg og Havelberg vart oppretta rundt 940 og kristinga av dei heidenske slavarane starta.

Henrik I av Tyskland erobra Brandenburg i 928–929 og påla stammene opp til Oder skatt. I 948 hadde sonen Otto I oppretta tysk kontroll over dei gjenverande heidningane, som vart kalla slavarar eller vendarar på denne tida. Slaviske busetjingar som Brenna, Budišin (Bautzen) og Chotebuž (Cottbus) kom under tysk kontroll ved at det vart oppretta markgrevskap. Hovudfunksjonen til margrevskapa var å verne grensemarkene i Kongedømet Tyskland. Etter at markgreven Gero den store døydde i 965 vart dei mange markgresvskap delt inn i fem mindre einingar. Nordmark var eit av desse. Dei andre var Sachsen Austmark, markgrevskapet Merseburg, markgrevskapet Meissen og markgrevskapet Zeitz.

Mange slaviske stammer slo seg saman i eit opprør i 983 og kasta tyskarane tilbake, øydela klostera deira og dreiv ut eller tok livet av prestane og tyske tenestefolk. Fram til Liutizi-alliansen braut saman på midten av 1000-talet, stod den tyske ekspansjonen mot Nordmark i ro og vendarane aust for Elbe vart verande sjølvstendige i om lag 150 år.

Markgrevskapet Brandenburg[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Markgrevskapet Brandenburg.

På byrjinga av 1100-talet fekk dei tyske kongane tilbake kontrollen over områda langs austgrensa av Det tysk-romerske riket. Etter Vendarkrosstoget i 1147 fekk Albrekt Bjørnen Nordmark av keisar Lothar II. Enkelte slaviske stammer overlevde erobringane og lever der framleis i dag, slik som sorbarane i Lausitz, men andre vart assimilert gjennom germaniseringa. Kyrkja under Albrekt oppretta bispedøme og i bispeseta festningsverk for å verne innbyggjarane frå åtak. Nye munkar og biskopar kom til området og slik byrja soga om byen Brandenburg opp att. Rundt byen utvikla markgrevskapet med same namn seg.

Albrekt hadde ikkje særleg kontroll over området i fleire tiår, men han utførte både militære og diplomatiske handlingar mot vendarane, og fekk utover hundreåret meir kontroll. I 1150 tok Albrekt formelt over Brandenburg frå den siste vendiske herskarane, den kristne Pribislav. Albrekt og etterkomarane hans frå Askania-dynastiet gjorde stor framgang med å kristne og dyrke det nye tyske landområdet.

Markgrevar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Northern March» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2008.
  • Reuter, Timothy. Germany in the Early Middle Ages 800–1056. New York: Longman, 1991.
  • Thompson, James Westfall. Feudal Germany, Volume II. New York: Frederick Ungar Publishing Co., 1928.