Arktisk Filharmoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arktisk Filharmoni (fram til 2019 Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, NOSO) er eit orkester og eit operakompani med base i Bodø og Tromsø, som skal stette heile den nordnorske landsdelen. Det vart stifta 18. juni 2009. Eigarane er Tromsø og Bodø kommunar, som eig 50 prosent kvar, medan Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar er tilskotspartnarar gjennom den nordnorske kulturavtalen.

Arktisk Filharmoni er organisert som eit prosjektorkester med ensembla Bodø Sinfonietta og Tromsø Kammerorkester som kjerne. Orkesteret samarbeider med det øvrige kunst- og kulturlivet i landsdelen, og har ein samarbeidsavtale med Forsvarets Musikkorps Nord-Norge og Landsdelsmusikerne i Nord-Norge. Orkesteret hadde premierekonsert i Bodø 1. august og i Tromsø 20. august.

Fram til 1. januar 2019 heitte filharmonien Nordnorsk Opera og Symfoniorkester.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hotvedt, Marte (19. juni 2018), «NOSO skifter navn», Nordlys (på norsk), henta 6. juni 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]