Nordre Bergenhus Folkeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Firda Folkeblad. (Sjå eventuelt diskusjon)

Nordre Bergenhus Folkeblad (II) var ei avis som kom ut i Florø frå hausten 1909. Avisa vart frå 1. april 1906 utgjeve i Askvoll i Sogn og Fjordane fylke. Frå skipingsåret 1906 heitte avisa "Firda Folkeblad". Avisa fekk namnet "Nordre Bergenhus Folkeblad" i 1907. Dette var ei venstreavis frå starten, etterkvart vart avisa redigert på nynorsk. I 1917 vart avisas undertittel "Organ for bønder og fiskere", bytt til "Blad for bonden og fiskaren", samstundes slo nynorsken for alvor inn i spaltene til "Nordre Bergenhus Folkeblad". Frå 1919 heitte avisa Firda Folkeblad. Avisa drog opp takten frå to til tre avisdagar i veka same året, men måtte gå attende på to avisdagar året etter. Namnet Nordre Bergenhus kom av namnet på noverande Sogn og Fjordane fylke, Nordre Bergenhus amt. Nemninga amt vart nytta i staden for fylke. Amtsnamnet gjekk ut av bruk same året avisa skifte vekk frå amtsnemninga. I Florø tok ei avis namnet «Nordre Bergenhus Folkeblad» alt i 1887, medan byens første avis, "Nordre Bergenhus Amtstidende", hadde eit fem år langt opphald i Førde (1887-1891). Det første "Nordre Bergenhus Folkeblad" var eit moderat venstreblad, og såleis meir ein forløpar til Frisinnede Venstre sine nyliberale aviser rundt hundreårsskiftet, enn dei bygderadikale venstreavisene, som "Firda Folkeblad", seinare "Nordre Bergenhus Folkeblad", var ein representant for.