Nordstarik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordstarik
Nordstarik
Nordstarik
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Nordstarik
Utbreiinga av Nordstarik
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Synthliboramphus
Art: Nordstarik S. antiquus
Vitskapleg namn
Synthliboramphus antiquus

Nordstarik (Synthliboramphus antiquus) er ein relativt liten medlem av alkefamilien. Han hekkar hovudsakleg på Aleutane og andre øyar utanfor kysten av Alaska og Britisk Columbia. Innanfor slekta Synthliboramphus er han den einaste arten som ikkje er klassifisert av IUCN som ein truga art,[1] men i Britisk Columbia er han administrert som ein art som treng vern fordi han har hekkekoloniar på øyar sterkt påverka av innførte pattedyr.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nordstarik er ein relativt liten alkefugl med kraftig kroppbygging, kort, hornfarga nebb og lyse bein. Oversida er gråblå, undersida kvit og hovudet er svart med kvite striper frå auga mot nakken. Som typisk for alkefuglar er beina festa langt bak på kroppen. I motsetnad lomvi og lunde går han ikkje oppreist på land, men ligg vanlegvis på buken. Når han rører seg på land er det vanlegvis med mykje hjelp frå vengene. Når han flyg opp frå havoverflata, kan han ta av rett opp eller med kort tilløp.[gaston 1] Nordstarikar veg typisk rett over 200 gram og har ei kroppslengd på 27 til 27 centimeter.[3]

Denne arten er ein hòlerugar, han hekkar i koloniar på øyar, gjerne med tett vegetasjon av tre. Vinterstid hekkar han langt til havs. Føda er ei blanding av småfisk og små krepsdyr fanga med dukk som tar mindre enn 45 sekund.[3] Dei beitar i små flokkar, somme tider med opp til 50 medlemmer.

Hoa legg to egg i perioden medio mars til tidleg juli, avhengig av hekkeregion. Rugetida er typisk 32 eller 33 dagar, ungane er godt utvikla ved klekking og vil forlate reiret etter ein til tre fagar. Då vil dei straks symje langt bort frå hekkeplassen. Foreldra har omsut for ungane og forar dei i minst 4-5 veker.

Nordstarik har ein populasjon på éin til to millionar individ (1996),[1] og han er klassifisert som livskraftig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er dels basert på ei omsetjing av artikkelen Silberalk frå Tysk Wikipedia, den 7. desember 2014.
  • Anthony J. Gaston, Ian L. Jones: The Auks (= Bird Families of the World. Bd. 4 ). Oxford University Press, Oxford u. a. 1998, ISBN 0-19-854032-9.
  1. Gaston et al., s. 214

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Synthliboramphus antiquus. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. juli 2022
  2. BC’s Coast Region: Species & Ecosystems of Conservation Concern, Ancient Murrelet (Synthliboramphus antiquus) Arkivert 15. januar 2017 på Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 Ainley, D. G., D. A. Manuwal, J. Adams, og A. C. Thoresen (2020). Cassin's Auklet (Ptychoramphus aleuticus), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.casauk.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nordstarik