Nordstillehavsstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordstillehavsstraumen.

Nordstillehavsstraumen er ein langsam, varm havstraum som renn austover mellom 40 ºN og 50 ºN i Stillehavet. Straumen utgjer den sørlege delen av den subarktiske virvelen i Nord-Stillehavet. Straumen oppstår når Kuroshiostraumen som går nordover utanfor kysten av Japan, og Oyashiostraumen, som er ein kald straum som renn sørover. Nordstillehavsstraumen utgjer òg den nordlege delen av den subtropiske havvirvelen i Nord-Stillehavet. I det austlege Nord-Stillehavet deler han seg i den sørlege Californiastraumen og den nordlege Alaskastraumen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]