Nordvik i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser Nordvikbukta. Nordvik låg på den vesle halvøya på vestsida av bukta.

Nordvik (russisk Нордвик) var ein liten by ved Nordvikbukta i Khatangabukta ved Laptevhavet i Russland. Staden ligg på Urjung Tumus-halvøya der elva Khatanga munnar ut. Det låg ein gulag eller straffekoloni i Nordvik, eit område med særs hardt klima og lange, iskalde vintrar.

Nær Nordvik ligg det ein saltdom kalla Tus-Takh på sjølve Urjung Tumus-halvøya. Fossilane av ein plesiosaurus (Plesiosaurus robustus) vart òg funne på denne halvøya[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1933 sendte det nyoppretta Glavsevmorput' (Hovudadministrasjonen for Nordaustpassasjen) dampskipet «Pravda» til Nordvik med ein oljeekspedisjon leia av Nikolaj Urvantsev. 4. september låg Pravda nær Nordvik. Kaptein Belitskij valde å segle inn i Nordvikbukta frå aust, mellom Poluostrov Paksa og øya Bolsjoj Begitsjev. Trass i at han ikkje hadde kjende farvatnet i sundet segla Beliskij framover utan å lodde djupna. Pravda gjekk derfor på grunn to gonger i sundet.

I følgje Urvantsev synte boring ved Nordvik dei neste åra berre små, grunne oljereservoar i samband med salstrukturar og det var lite å vinne på å starte oljeutvinning her. Det var oppretta ein straffekoloni (gulag) og saltet vart vunne ut på forholdsvis stor skala med hjelp av tvangsarbeidarar. Frå 1930-åra vart Nordvik ei viktig saltkjelde for fiskeria i nord. Sjølv om det ikkje vart vunne ut olje frå Nordvik, fekk ein erfaring med boring etter petroleum i område med permafrost. Dette viste seg å verte nyttig seinare i samband med dei enorme olje- og gassfelta vest i Sibir.

Straffekolonien vart nedlagd i midten av 1940-åra då amerikanarane kom til Nordvik som allierte av Sovjetunionen. Etter dette vart deporterte sovjetarar sendte til Nordvik for å halde fram utvinninga av saltet fram til Nordvik vart nedlagd og fråflytta i 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i teksten:
  1. Paleontologi, arkivert frå originalen 5. desember 2010, henta 13. juli 2008