Nordvikbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordvikbukta
bukt
Land  Russland
Del av Laptevhavet
Kart
Nordvikbukta
73°51′00″N 112°10′01″E / 73.85°N 112.167°E / 73.85; 112.167
Kart som viser Nordvikbukta.

Nordvikbukta (russisk Бухта нордвик - Bukhta Nordvik) er ei bukt i Laptevhavet i Russland. Ho ligg søraust for Khatangabukta mellom to små halvøyar. Landtunga i vest er Urjung Tumus-halvøya, der den tidlegare landsbyen Nordvik låg. I Nordvik låg det ein frykta gulag, men landsbyen er i dag fråflytta. Halvøya i aust vert kalla Nordvikhalvøya med Kapp Peksa som det nordlegaste punktet. Aust for dette neset ligg Anabarbukta.

I 1930-åra var det noko tilvekst i området då dei første isbrytarkonvoiane gjekk i fart langs Nordaustpassasjen.

Nordvikbukta er 39 km brei og har form som ein halvsirkel. Ho er forholdsvis grunn med eit gjennomsnittleg djup på berre 6 meter. Rundt bukta ligg lågland og klimaet i området er særs hardt. Med særs lange og harde vintrar er Nordvikbukta islagd store delar av året.

Nordvikbukta og det omliggande område høyrer til Republikken Sakha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]