Noreg 1:50000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noreg 1:50 000 er den topografiske hovudkartserien for Noreg i målestokk 1:50 000. Den sivile nemninga er Noreg 1:50 000 og den militære nemninga er M711.

Den militære serien omfattar 727 kart. Arbeidet med kartserien blei starta i 1952, og kartlegginga vart fullført for heile landet i 1988. Det ajourførast nå omkring 60 kartblad i året.

Frå 2012 blir den sivile serien trykt på plastpapir, på begge sider av arket og i eit større format slik at kvart kartblad nå tilsvarer 4 kartblad i den militære serien. Den sivile serien omfattar 212 kartblad.

Geodetisk datum for serien er EUREF89, som er tilnærma lik WGS84.

Statens kartverk (Kartverket) har ansvaret for oppdateringa og vedlikehaldet av kartserien. Karta kan kjøpast hos dei fleste bokhandlarane, eller kan bestillast frå ein av Kartverkets forhandlarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]