Norges Bondelag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Bondelag er den største fagrørsla for bønder i Noreg. Bondelaget har som mål å «samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser.» Bondelaget forhandlar direkte med Staten om inntektsgrunnlaget til bønder, men Norges Bondelag tek ikkje i mot statsstøtte. Organisasjonen er økonomisk og politisk uavhengig.
Laget vart oppretta i 1896 med tittelen Norsk Landmandsforbund, og førte på mange vis vidare tradisjonane frå den første veljarsameininga i landet, Bondevenane. Den gongen var føremålet å arbeide til beste for landbruksnæringa og prøve å påverke politiske avgjerder, ein tradisjon som er vidareført i det føremålet som ligg framme i dag.
I 1922 endra rørsla namn til Norges Bondelag, berre to år etter at landsmøtet hadde vedteke å opprette Bondepartiet (no: Senterpartiet), som skulle arbeide aktivt for bønder sine generelle interesser på Stortinget. Senterpartiet er i dag ikkje tilknytta Bondelaget.
Norges Bondelag har 61.000 medlemmer, delt på 607 lokallag og 18 fylkeslag.

