Noregs Fotballforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noregs Fotballforbund (NFF)
Flag of Norway.svg
Fullt namn Norges Fotballforbund
Stifta 30. april 1902
Medlem av FIFA 1908
Medlem av UEFA 1954
President Yngve Hallén
Stadion Ullevaal Stadion
Kapasitet 25 575

Noregs Fotballforbund (stifta 30. april 1902) er eit særidrettsforbund for fotball i Noreg. NFF er i dag det største særidrettsforbundet i Noreg. Fotballforbundet består i dag av 1909 medlemsklubbar (per 31. desember 2012). Visjonen til forbundet er «fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle».

Stiftelsen[endre | endre wikiteksten]

Våren 1902 inviterte Lyn representantar frå klubbane Grane og Spring til å danne eit nasjonalt fotballforbund. 30. april 1902 møttest 14 delegatar frå dei tre klubbane på Hotel Bristol i Kristiania, det var Trygve Karlsen, Arthur Nordlie, Finn Hagemann, Leif Eriksen og Bredo Eriksen for Lyn; Just Hagemann, Isak Benjaminsen, Walter Aigeltinger og Emil Wettergreen for Grane og Christer Hummel Johansen, Arne Baggerud, Birger Freihow, Thorleif Wibe og Thorvald Torgersen for Spring. Saman vart dei samde om å stifte forbundet. Med ni mot fem stemmer fekk Lyn gjennomslag for namneforslaget sitt: Norsk Fodboldforbund. Isak Benjaminsen frå Grane vart den første formannen i forbundet.

Internasjonale utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

A-landslaget menn[endre | endre wikiteksten]

A-landslaget kvinner[endre | endre wikiteksten]

  • Gullmedalje VM 1995
  • Gullmedalje FIFA World Tournament 1988 (Uoffisielt VM)
  • Sølvmedalje VM 1991
  • Gullmedalje OL 2000
  • Bronsemedalje OL 1996
  • Gullmedalje EM 1987 og 1993
  • Sølvmedalje EM 1989 og 1991
  • Bronsemedalje EM 2009 og 2001

U21-landslaget herrar[endre | endre wikiteksten]

  • Bronsemedalje U21-EM 1998

Krinsar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande fotballkrinsar er under Noregs Fotballforbund:

Agder | Akershus | Buskerud | Finnmark | Hordaland | Hålogaland | Indre Østland | Nordland | Nordmøre og Romsdal |
Oslo | Rogaland | Sogn og Fjordane | Sunnmøre | Telemark | Troms | Trøndelag | Vestfold | Østfold

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

Handshake for Peace[endre | endre wikiteksten]

Handshake for Peace er eit konsept utvikla av Norges Fotballforbund og Nobels Fredssenter. Konseptet skal skape haldnings- og åtferdsendringar i fotballen og fremje fredsbodskap i samfunnet. FIFA annonserte på FIFA-kongressen i Budapest den 25 mai 2012 at dei skal innføre Handshake for Peace på alle turneringane sine framover.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eirik Borud og Knut Arne Hansen (25. mai 2012). Nå innfører også FIFA «Handshake for Peace». Vitja 29. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]