Noregs Mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kampanjejakkemerke frå Noregs Mållag

Noregs Mållag er ein norsk organisasjon som vart stifta i 1906 for å fremja landsmål (nynorsk). Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Norsk Tidend. Noregs Mållag deler kvart år ut Målprisen, Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og (frå 2006) Nynorsk næringslivspris. Føremålet til Noregs Mållag er å arbeida for å gjera den norske målreisingstanken til røyndom.

Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne 4.5. februar 1906, samstundes som partiet Venstre hadde landsmøte. Fram til 1922 var namnet Norigs Maallag. Fyrste formann vart Marius Hægstad. Leiar frå 2013 er Marit Aakre Tennø. Noregs Mållag har saman med ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom om lag 12 000 medlemer.


Innhaldsliste

Historie [endre]

Tida før skipinga i 1906 [endre]

Før skipinga av Noregs Mållag fylte andre organisasjonar og institusjonar rolla som hovudorgan for den nynorske målreisinga. Det Norske Samlaget (skipa 1868) hadde som føremål å fremja bokutgjeving på nynorsk og dialekt og fungerte dessutan frå 1870-åra som politisk hovudorganisasjon for målreisinga. Ei særleg viktig rolle fekk Samlaget som kontaktorgan mellom staten og målrørsla, og løyvingane til nynorske føremål frå 1881 (til publisering og nynorskkurs for lærarar) vart kanaliserte gjennom Samlaget.

Medan Samlaget heldt på denne rolla som kontaktorgan, kom det frå midten av 1890-åra til tre andre nynorsktiltak som tok over andre sentralfunksjonar for målrørsla. Med målavisa Den 17de Mai (1894) vart det etablert eit nytt tyngdepunkt for agitasjon og politisk strategiutvikling i hovudstaden. Redaktør Rasmus Steinsvik (18941913) vart den sterke mannen og den leiande strategen i målrørsla, iallfall fram til 1906. Finansieringslaget Maalkassa (1895–ca. 1910) sprang ut av miljøet kring Den 17de Mai og vart etablert og drive av framståande målfolk.

Attåt å reisa pengar til måltiltak, fekk Maalkassa òg raskt ein posisjon som uformelt landslag for målreisinga. Særleg viktig vart Norsk maalkontor (19001915) som Maalkassa og Samlaget etablerte i lag og som Maalkassa finansierte. No fekk målrørsla ein fast distribusjonssentral for nynorske skrifter og ein agitasjonssentral. Med Noregs Ungdomslag (skipa 1896) fekk målrørsla òg ein brei landsorganisasjon med fleire hundre lokallag og mange tusen medlemer. Alt frå skipinga gjorde samskipnaden målsaka til fremste arbeidsoppgåve. Ideen om å etablera eit eige landslag for målsaka vart fyrst reist alt kring 1870 i Vestmannalaget (skipa 1868), og diskusjonen kom jamt opp gjennom 1880- og 90-åra, særleg i målmiljøet i hovudstaden.

Grunnleggjaren av Samlaget, H. E. Berner, tok i 1883 initiativet til eit landslag for målsaka, men dei dominerande kreftene i målmiljøet i hovudstaden valde heller å satsa på Samlaget og på arbeid innanfor partiet Venstre, som historikaren Leiv Mjeldheim har karakterisert som den politiske verneengelen til målrørsla. Diskusjonen om eit landslag vart reist med ny kraft i samband med organiseringa av fylkesmållaga 18991901, og krava kom no i aukande grad frå det lokale og regionale tillitsmannsapparatet. Der vart det argumentert med at det trongst eit landslag for å yta hjelp til lokale mållag i det arbeidet ein no stod framfor med å føra inn nynorsk i lokalsamfunna. Men målmiljøet i hovudstaden, og særleg redaktør Rasmus Steinsvik, var kraftig imot ideen om eit landslag og argumenterte med at grunnorganisasjonen framleis ikkje var sterk nok til å bera og finansiera eit landslag. Steinsvik la til ein viss grad òg lok på debatten om spørsmålet.

Då målmiljøet i hovudstaden (Samlaget, Maalkassa, Den 17de Mai og Noregs Ungdomslag) tok initiativet til målstemnet i februar 1906, stod skipinga av eit landslag såleis heller ikkje på saklista. Føremålet var å forma ut eit samla krav frå målrørsla til partia framfor stortingsvalet hausten 1906 — difor vart òg målstemnet i Oslo halde dagen før Venstre skulle ha landsmøte same stad. Initiativet til eit landslag kom på slutten av møtet som eit benkeframlegg frå Johannes Lavik, bladstyrar i Gula Tidend og leiar for målfolket vestafjells. Både framlegget om å skipa eit landslag og førebelslovene for ’Norigs maallag’ gjekk då samrøystes gjennom mellom 1 og 2 natt til 5. februar.

Tida fram til andre verdskrigen [endre]

Frå førstninga arbeidde mållaget politisk. Det hadde landsmøte kvart tredje år, i samband med stortingsvala. Frå 1910-åra tok mållaget under Edvard Os til med å byggja opp både hovudorganisasjonen og lokallag, som det etter kvart blei fleire av.

Medan laget først hadde hatt som mål å styrka landsmålet og målrørsla, la det seg etter kvart på ei sterkare line. I arbeidsprogrammet frå 1921 blei det slått fast at «Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmål i landet.»

Målsak under andre verdskrigen [endre]

Mållaget blei oppløyst av varaformann Gustav Indrebø (formannen Knut Markhus var fengsla) i mars 1942, då nazistane ville ha makta der. Fleire lokallag blei lagde ned under krigen, og medlemstalet sokk.

Noregs Mållag i etterkrigstida [endre]

Etterkrigstida var prega av tilbakeslag for den tidlegare så framgangsrike nynorsken. Frå 1944 var det nedgang i talet på skulekrinsar som hadde nynorsk som hovudmål. Samstundes var mållaget plaga av indre strid, der ulike retningar ønska å halda på tradisjonelle former eller la skriftspråket nærma seg bokmål. Striden førte til at Vestmannalaget melde seg ut av Noregs Mållag i 1962, medan Vestlandske Mållag braut ut under landsmøtet i 1970.

Mållaget tona ned tanken om at nynorsk skulle vera einaste skriftspråket i landet, og markerte seg i kampen for dialektbruk. I det nye prinsipprogrammet frå 1976 heitte det at «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin, og for at folket etter kvart samlar seg om og tek i bruk det nynorske skriftmålet». Frå denne tida kom òg slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk».

I dei seinare åra har Noregs Mållag lagt vekt på å sjå nynorsken som del av det språklege mangfaldet i landet. Det kjem til uttrykk bl.a. i det internasjonale programmet frå 2005, likeins i slagordet for jubileumsfeiringa i 2006: "Mange røyster – felles mål".

Organisasjonen [endre]

Fylkeslag [endre]

  1. Aust-Agder Mållag
  2. Austmannalaget (Hedmark og Oppland utanom Valdres)
  3. Buskerud Mållag
  4. Fylkesmållaget Vikværingen (Oslo, Akershus og Vestfold)
  5. Hordaland Mållag
  6. Karmsund Mållag (delar av Rogaland og Hordaland)
  7. Naumdøla Mållag
  8. Nordland Mållag
  9. Nordmøre Mållag
  10. Rogaland Mållag
  11. Romsdal Mållag
  12. Sogn og Fjordane Mållag
  13. Sunnmøre Mållag
  14. Telemark Mållag
  15. Troms og Finnmark Mållag
  16. Trønderlaget (Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, utanom Namdalen)
  17. Valdres Mållag
  18. Vest-Agder Mållag
  19. Yrkesmållaga
  20. Østfold Mållag
  21. Direkte innmelde lag

Direkte innmelde lag, eller beinveges innmelde lag, er lag som er med i Noregs Mållag utan å vera med i eit fylkesmållag. Dei direkte innmelde laga er Kvinnherad Mållag, Skedsmo Mållag og Vefsn Mållag. I 2004 hadde desse laga 103 medlemer.

Norsk Målungdom har rettar som eit fylkeslag.

Yrkesmållag [endre]

Leiarar i Noregs Mållag [endre]

  1. Marius Hægstad 19061909
  2. Jørgen Løvland 19091912
  3. Nikolaus Gjelsvik 19121915
  4. Fredrik Voss 19151917
  5. Olaus Islandsmoen 19171921
  6. Halvdan Koht 19211925
  7. Knut Liestøl 19251926
  8. Torleiv Hannaas 19261929
  9. Gustav Indrebø 19301932
  10. Anders Todal 19321936
  11. Knut Markhus 19361942
    (verksemda var nedlagd i tida 19421945)
  12. Hans Eidnes 19461949
  13. Asbjørn Øverås 19491952
  14. Knut Robberstad 19521957
  15. Hartvig Kiran 19571958
  16. Magne Skodvin 19581960
  17. Ivar Eskeland 19601963
  18. Trygve Bjørgo 19631965
  19. Hans Olav Tungesvik 19651970
  20. Bjarne Slapgard 19701971
  21. Steinar Lægreid 19711973
  22. Johan Krogsæter 19731975
  23. Ola Breivega 19751977
  24. Kjell Snerte 19771979
  25. Dagfinn Hjellbrekke 19791980
  26. Maria Høgetveit Berg 19811984
  27. Ola E. Bø 19841987
  28. Jon Låte 19871989
  29. Marta Østerås Falch 19891991
  30. Kristian Ihle Hanto 19911993
  31. Jan Olav Fretland 19931994
  32. Olav Randen 19941997
  33. Liv Ingebrigtsen 19971999
  34. Oddmund Løkensgard Hoel 19992002
  35. Vidar Lund 20022002
  36. Håvard Teigen 20022003
  37. Endre Brunstad 20032005
  38. Steinulf Tungesvik 20052005
  39. Nils Ulvund 20052006
  40. Hege Myklebust 20062009
  41. Håvard B. Øvregård 20092013
  42. Marit Aakre Tennø 2013

Skrivarar og daglege leiarar [endre]

Tittelen vart endra frå skrivar til dagleg leiar i 1987. Ikkje alle vikarar er med.

Saman med Noregs Ungdomslag

Eiga skrivarstove for Noregs Mållag frå 1. januar 1956

Landsmøte [endre]

Mållaget har lagt vekt på å halda landsmøte på ulike stader i Noreg, sjå eigen artikkel om landsmøte i Noregs Mållag.

Heidersmedlemer [endre]

Desse er utnemnde til heidersmedlemer i Noregs Mållag. Utnemningsåret står i parentes.

Bakgrunnsstoff [endre]

  • Noregs Mållag sin nettstad
  • Almenningen, Olaf (m. fl.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981, Oslo 1981.
  • Eskeland, Ivar: I strid for norsk mål. Noregs Mållag 1906-1956, Oslo 1956.
  • Venås, Kjell: Mål og med. Noregs Mållag i 1990-åra, Oslo 1991.

Kjelder [endre]

Noregs Mållag i 100 år av Kjell Venås