Noregs Ungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med om lag 14 000 medlemmer i nær 400 lokallag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til norsk folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslaga har eit unikt mangfald av aktivitetar. Laget har vore ei viktig del av ungdomsrørsla, målrørsla og norskdomsrørsla gjennom historia.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Prinsipprogram[endre | endre wikiteksten]

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag er bygd kring seks kjerneverdiar, som ligg til grunn for politikken til organisasjonen:

1. Frilynd[endre | endre wikiteksten]

Det frilynde miljøet er basert på toleranse, og omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn.

2. Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Den folkelege kulturen slik han t.d. kjem til uttrykk i dans, teater, handverkstradisjonar og språk, utgjer viktige delar av det kulturelle mangfaldet. Tradisjonane har fleire kvalitetar, og ei drøfting av desse kvalitetane er ein sentral del både av tradisjonen i seg sjølv og identitetsdanninga knytt til kulturen. Noregs Ungdomslag skal medverke til levandegjering, formidling og vidareutvikling av folkelege kulturuttrykk.

3. Nyskapande[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag trur på humor, kreativitet, galskap, fantasi og mot som viktige verkemiddel både i organisasjonen og i samfunnet. Ungdomslaget skal vere opne arenaer for kreative tankar og idear til ny aktivitet.

4. Generasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er ein verdi i seg sjølv at menneske møtast til felles aktivitet på tvers av generasjonane, og dette er ein viktig del av ein folkeleg opplærings- og utviklingstradisjon. Møtestadene i Noregs Ungdomslag er opne for alle generasjonar, og aktivitetane er retta mot menneske i alle aldrar. Ein del av aktivitetane i ungdomslaga skal likevel vere retta mot særskilde målgrupper, og ein vil særleg legge vekt på barn og ungdom.

5. Rusfri samværskultur[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag har ein aktiv og positiv samværskultur. Dei rusfrie møtestadene i ungdomslaga skaper trygge og inkluderande miljø.

6. Samfunnsengasjement[endre | endre wikiteksten]

Gjennom skulering og deltaking i demokratiske prosessar i ungdomslaga, skal medlemmane utvikle seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske. Ungdomslaget har ei viktig rolle for mennesket, lokalmiljøet og storsamfunnet, og skal vere aktiv i arbeidet for å medverke til gode og livskraftige lokalsamfunn i bygd og by.

Skipinga[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Turnhallen i Trondheim 11.-12. juli 1896. Det møtte 18 representantar frå sju fylkeslag (den gong "fælleslag"): Eidsiva (Austfold og Akershus), Romsdal, Inntrøndelag, Telefylket, Aust-Agder, Sunnmøre og Breidablikk (N. Østerdalen, Røros og Ø. Gauldalen). Peter Slotsvik vart vald til den første leiaren.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet kom den første tida til å veksle mellom Det norske ungdomslaget og Norges Ungdomslag før det i 1897 blei fastsett til Norigs Ungdomslag. I 1922 blei namnet endra til Noregs Ungdomslag.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag er ei samanslutning av ungdomslag over heile landet. Organisasjonen har i dag nær 400 aktive lokallag fordelt på 21 fylkeslag. Opphavet til organisasjonen er dei mange lese- og samtalelag og «ynglingeforeninger» som grodde opp i siste halvdelen av 1800-talet. Desse fekk snart namnet ungdomslag i pakt med nasjonale straumdrag og etter inspirasjon frå miljøet rundt folkehøgskulane.

Allereie før 1900 var det skipa mange distriktslag, eller «fylkeslag» som dei vart kalla. Sommaren 1896 kom 17 utsendingar frå sju fylkeslag saman i Trondheim og skipa Noregs Ungdomslag. Initiativet kom frå Eidsiva Fylkeslag (Akershus og Østfold). Dei som gjekk i brodden for ein landssamskipnad var sterkt prega av det nasjonale, og såg det som ei oppgåve å samle dei frilynte ungdomslaga til ei «norsklynd» kraft i samfunnet.

Arbeidsoppgåvene for organisasjonen har vore mangslungne ned gjennom åra. Den første tida stod styrking av det norske forsvaret sterkt, og NU fekk offentleg stønad for å agitere for eit sterkare militært forsvar. Målsaka har i store delar av organisasjonshistoria vore sentralt arbeidsfelt, både for organisasjonen sentralt og for enkelte lokallag, særleg dei som også er tilslutta Noregs Mållag.Elles har organisasjonen drive aktivt folkeopplysningsarbeid i form av skriftserie og formidling av foredragshaldarar. Etter krigen då det vart vanleg med radio og andre medier, vart denne verksemda lagt ned.

Aktiviteten i lokallag og fylkeslag har vore og er svært variert. Grunntanken er at laget skal gje medlemmane høve til å utvikle seg, lære noko, få innsyn i demokratiske spelereglar og våge stå fram for ei forsamling med meiningane sine.

I praksis har dette vore konkretisert i form av handskrivne og trykte lagsaviser, amatørteater, folkedans og andre danseformer, skogplanting, husflid, turar og utflukter. Nokre lag har hatt eige idrettslag (Bondeungdomslaget i Oslo og nokre få andre har det framleis), og eige musikklag.

Lokallaga gjekk også i brodden for mange andre gode tiltak og saker i nærmiljøet, som t.d. kjøp av fiskeyngel for utsetting i vatn, pengeinnsamling til orgel i skolen, pengestøtte til legesjekk av skolebarn, og støtte til kampen mot tuberkulose. Svært mange lag hadde eiga boksamling til utlån før det offentlege overtok dette ansvaret. Kinodrift var også vanleg.

Men det som kanskje synest mest etter ungdomslaga, er dei mange ungdomshusa rundt om i heile landet. Arbeidet med å skaffe lokalsamfunnet forsamlingslokale tok til allereie før 1900, og dugnad på ungdomshuset samlar framleis eldre og unge til innsats for nærmiljøet.

I dag er aktivitetane retta mot andre behov. Det finst mellom anna rundt 90 ungdomsklubbar innan organisasjonen. Folkedans, amatørteater og bunadsarbeid er satsingsfelt frå sentralt hald i organisasjonen, og det blir halde ei rekke kurs for å heve og ivareta kvalitet og mangfald. Både innan folkedans og amatørteater deltar NU i internasjonalt samarbeid.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen har om lag 14 000 medlemer i 21 fylkeslag og nær 400 lokallag. Mange av bylaga heiter bondeungdomslag, men størstedelen av laga heiter ungdomslag. Andre vanlege lagsnamn er leikarring, teaterlag eller folkedanslag. I Oslo er det ein del bygdelag som er med i organisasjonen og har namn etter ulike regionar, som t.d. Numedalslaget, Håløyglaget, Hallinglaget m.fl. Fylkeslaga går under namn som ungdomslag, ungdomsfylking, ungdomssamlag, samskipnad eller berre fylkeslag.

I organisasjonen finst det om lag 300 ungdomshus, og nokre lag driv lagsbruk med m.a. hotell (ofte under namnet Bondeheimen) og kaffistover.

Laget er styrt av eit styre med ein leiar, to nestleiarar (politisk og organisatorisk), to styremedlemmar, samt leiarane i dei fire råda. Dei fire råda i Noregs Ungdomslag er Folkedansrådet, Teaterrådet, Bunadsrådet og Barne- og Ungdomsrådet. Kvart råd er samansett av ein leiar og to rådsmedlem.

Endre Kleiveland er leiar, og Eli Ulvestad er generalsekretær.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Aktiviteten i lokallaga er særs variert, men folkedans og amatørteater er sentrale aktivitetar. Døme på andre aktivitetar er kor, idrett, ungdomsklubb, målsak, kinodrift og mykje meir.

Tilskipingar[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag skipar til to festivalar, Folkedansfestivalen og Amatørteaterfestivalen, samt ein årleg Sommarleir for ungdom der folkedans, folkemusikk og teater er sentrale aktivitetar. I tillegg blir det skipa årlege Fagseminar og instruktørkurs i folkedans og teater.

Samarbeidsorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag har eit breidt engasjement og samarbeidar og/eller er medlemsorganisasjon i ei rekkje andre organisasjonar.

Nettstadar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kløvstad, Jan (m.fl.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo : Samlaget, 1995.
  • Moren, Sven og Edvard Os: "Den Frilynde Ungdomsrørsla - Norigs Undomslag i 25 år", Oslo : Norigs Ungdomslag, 1921.
  • Moren, Sven: I Vårvinna - 30 år i ungdomslaget", Oslo : H. Aschehoug & co, 1930.
  • Allkunne sin artikkel om NU: http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=29&id=751