Noregs statsbaner
Noregs statsbaner (NSB) er den største aktøren i passasjertransport på jarnbane i Noreg. NSB er eigd av den norske staten ved Samferdsledepartementet.
NSB vart oppretta i 1883 som eit forvaltningføretak. Før den tida hadde den norske jarnbanen vore driven av ulike føretak, som i nokre tilfelle var utanlandske.
Innhaldsliste |
Endringar[endre]
NSB gjekk gjennom store endringar i 1996, då NSB vart delt opp i NSB BA og Jarnbaneverket. Dette førte mellom anna til at Jarnbaneverket fekk ansvaret for infrastrukturen, medan NSB BA heldt fram med på vere trafikkoperatør. Godstrafikkdelen til NSB vart skild ut under namnet NSB Gods AS. Før dette hadde jarnbaneforvaltninga i Noreg vore uendra i fleire tiår og NSB hadde hatt alt ansvaret for drift, materiell, stasjonar og anna infrastruktur.
2002 var i likskap med 1996 eit lite vendepunkt for NSB, då føretaket 1. juli vart omforma til aksjeselskap. Same året vart teknisk vedlikehald skild ut til eit eige aksjeselskap, det same med ekspressgodsdelen. NSB Gods vart eit eige aksjeselskap under namnet CargoNet.
Omdøme[endre]
NSB opplevde mykje motgang i løpet av dei første åra i det nye årtusenet. Åstaulykka, mangel på lokførarar, hyppige forseinkingar og leverandørane sine problem med det nye togmaterialet gav selskapet eit dårleg omdøme. Men betre tider fylgde, og selskapet er no på god veg til å bygge opp att tilliten til kundane og samfunnet generelt.
På BI si årlege rangering av kor nøgde kundane er med norske føretak[1], vart NSB plassert som nr. 97 i 2006, opp frå ein 132. plass i 2005 og 135. plass i 2004.
Heil-/deleigde dotterselskap[endre]
- NSB Anbud
- Nettbuss AS
- ROM Eiendom AS
- CargoNet AS (55% eigd, resten er eigd av svenske Green Cargo)
- Arrive AS
- Mantena AS
- Linx (Oppløyst etter 2004. NSB eigde 50%, den andre halvparten var eigd av svenske Statens Järnvägar)
Sjå og[endre]
- Jarnbaneverket
- Flytoget
- Dieseldrivne lokomotivtypar i Noreg
- Elektriske lokomotivtypar i Noreg
- Motorvogn
Bakgrunnsinformasjon[endre]
Fotnotar[endre]
- ↑ Resultater 2006 - tilfredshet, Norsk kundebarometer.