Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Motto Kunnskap for ei betre verd
Grunnlagt 1996 (1910)
Type Offentleg universitet
Rektor Gunnar Bovim
Stad Trondheim
Studentar 22 000 (2011)
Tilsette 5100 (2011)
Nettstad www.ntnu.no

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU ligg i Trondheim. NTNU er det nest største av dei åtte universiteta i Noreg, og har hovudansvaret for den høgre teknologiutdanninga i landet. Ved NTNU er den teknologiske kunnskapen i Noreg samla. I tillegg til teknologi og naturvitskap har NTNU eit rikt fagtilbod i samfunnsvitskap, humanistiske fag, realfag, medisin, arkitektur og kunstfag. NTNUs forsking er kjenneteikna ved teknologisk spisskompetanse, fagleg spennvidde og tverrfagleg tilnærming.[treng kjelde]

NTNU består av sju fakultet med til saman 52 institutt. Institusjonen har om lag 22 000 studentar og 5100 årsverk, av dette 3100 årsverk i undervisning og forsking (35 prosent kvinner). NTNU har over 100 laboratorium og driv til ei kvar tid ca. 2000 forskingsprosjekt. Dei to største avdelingane på NTNU er Gløshaugen (tidlegare NTH) og Dragvoll (tidlegare AVH).

Kvart år tek NTNU opp 7000 studentar til heil- og deltidsstudium. Det vert kvart år avlagt til saman 3200 bachelor- og mastergradseksamenar, samt om lag 330 doktorgradar der ein tredjedel er kvinner.

NTNU har eit tett samarbeid med SINTEF, ein av Europas største frittståande forskingsinstitusjonar. Mange av forskarane bidrar på prosjekt begge stader. På 21 fagområde skjer samarbeidet gjennom såkalla geminisentre, der fagmiljø som ligg nær kvarandre, samarbeider ved å dele kunnskap og laboratorium. Ein annan stor samarbeidspartnar for NTNU er St. Olavs Hospital.

NTNU vart danna i 1996, da Noregs tekniske høgskule (NTH), Den allmennvitskaplege høgskulen (AVH), Vitskapsmuseet (VM), Det medisinske fakultetet (DMF), Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet i Trondheim vart slått saman. Før samanslåinga høyrde NTH, AVH, DMF og VM inn under Universitetet i Trondheim (UNIT), som var ein betydeleg lausare organisasjon enn NTNU.

Studietilbod ved NTNU[endre | endre wikiteksten]

Estetiske fag, kunst- og musikkfag[endre | endre wikiteksten]

Historie, religion, kultur- og idéfag[endre | endre wikiteksten]

Idrettsfag[endre | endre wikiteksten]

Informasjonsteknologi og informatikk[endre | endre wikiteksten]

Lærar- og lektorutdanning[endre | endre wikiteksten]

Matematikk og naturfag[endre | endre wikiteksten]

Mediefag og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Medisin, helse- og sosialfag[endre | endre wikiteksten]

Samfunnsfag og psykologi[endre | endre wikiteksten]

Språk og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sivilingeniør- og arkitektutdanning[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]