Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1952

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
47. NM i fotball for menn
Sesong1952
TittelforsvararSarpsborg
Finaledato26. oktober
VinnarSparta (1. tittel)
FinalistSolberg
FinaleresultatSparta - Solberg 3–2
ArenaUllevaal Stadion i Oslo
FinaledommarHelge Ladim
Tilskodarar30 639
1951
1953

Sparta vart noregsmeister etter at dei vann over Solberg med 3–2 den 26. oktober. Målskårarar for Sparta var Knut Sørensen som skåra på straffe i det 74. og i det 84. minutt og Odd Wang Sørensen som skåra i det 89. minutt. Begge Solberg sine mål vart òg skåra av Sparta–spelarar, to sjølvmål av Roger Pedersen i det 10. minutt og Brede Svendsen i det 34. minutt.

30 639 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Helge Ladim. Dette var første gongen Sparta vann ein Noregsmeisterskap.

Spartas vinnarlag: Asbjørn Hansen, Guttorm Nicolaysen, Brede Svendsen, Karsten Hansen, Einar Bråthe, Roger Pedersen, Arne Olsen, Knut Sørensen, Odd Wang Sørensen, Evald Nilsen og Egil Johansen.

1. runde[endre | endre wikiteksten]

   

2. runde[endre | endre wikiteksten]

   

3. runde[endre | endre wikiteksten]

   

4. runde[endre | endre wikiteksten]

 

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]