Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
71. NM i fotball for menn
Sesong1976
TittelforsvararBodø/Glimt
Finaledato24. oktober
VinnarBrann (4. tittel)
FinalistSogndal
FinaleresultatBrann - Sogndal 2–1
ArenaUllevaal Stadion i Oslo
FinaledommarOdd Johannessen
Tilskodarar22 834
1975
1977

Brann vart noregsmeister etter at dei vann over Sogndal med 2–1 den 24. oktober. Dette var fjerde gongen Brann vann ein noregsmeisterskap.

Finalist Sogndal spelte dette året i 3.divisjon og vart det første laget frå 3. nivå som spelte seg fram til ein finale.[1]

3. divisjonslaget Røros stod òg for ein sensasjon dette året då dei slo Rosenborg 4–0 i 2. runde.

1. runde[endre | endre wikiteksten]

   

2. runde[endre | endre wikiteksten]

   

3. runde[endre | endre wikiteksten]

   

4. runde[endre | endre wikiteksten]

 

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

For Brann spela: Jan Knudsen, Tore Nordtvedt, Atle Bilsbak, Per Egil Pedersen, Helge Karlsen, Egil Austbø, Atle Hellesø, Neil MacLeod, Ingvald Huseklepp, Steinar Aase og Bjørn Tronstad. Frode Larsen kom etter pausa inn for Hellesø, medan Rune Pedersen tok over for Huseklepp i det 84. minutt.

For Sogndal spela: Leon Hovland, Willy Ljøsne, Jon Navarsete, Torodd Helle, Gunnar S. Håre, Rolf Navarsete, Ingvar Stadheim, Magdalon Sætre, Johan Johannessen, Svein Bakke og Knut Christiansen.

Steinar Aase gav Brann leiinga i det 66. minutt. Knut Christiansen utlikna for Sogndal i det 80. minutt, før Bjørn Tronstad vart kampvinnar på ein enkeltmannsprestasjon i det 87. minutt.

Finalekampen vart avvikla på ei tung og vanskeleg bane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]