NorgesPatriotene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NorgesPatriotene
LandNoreg
Partileiar(ar)Øyvind Heian
GrunnleggjararØyvind Heian
Grunnlagt20. mars 2007
Nedlagt17. september 2009
Ideologinasjonalisme Sjå dette på Wikidata

NorgesPatriotene (NP) er ein politisk organisasjon som vart stifta i 2007 av Øyvind Heian. Dei stilte til val ved stortingsvalet i 2009. Sjølv om dei profilerer seg som eit politisk parti, er dei berre registrert som «Forening/lag/innretning».[1]

Partiprogrammet til Norgespatriotene har berre ein post: Å stoppe innvandringa. Anna politikk er i deira auge irrelevant no. Dei påstår at etniske nordmenn er i ferd med å verte i mindretal i eiga land. Dei vil difor jobba aktivt for å stanse all innvandring til Noreg og sende heim innvandrarar i dei tilfelle der det er mogleg. Spesielt kritiske er dei til den muslimske innvandringa.[2]

NorgesPatriotene kom tidleg i media sitt søkelys grunna partiformann Heian si tidlegare tilknyting til den nasjonalsosialistiske organisasjonen Vigrid, og at han er dømd for blant anna å koma med drapstruslar mot dåverande justisminister Knut Storberget.[3][4] Øyvind Heian er også meld til politiet for rasistiske ytringar.[5] Partiet fekk også mykje merksemd i media for utdeling av flygeblad som vart oppfatta som støytande.[6][7]

Nasjonaldemokratene slo seg saman med NorgesPatriotene i 2007.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nøkkelopplysningar frå Enhetsregisteret». brreg. Henta 19. juli 2007. 
  2. «NorgesPatriotenes politikk». NorgesPatriotene. Henta 19. juli 2007. [daud lenkje]
  3. Kjetil Sæter (27. mars 2007). «Anmelder Vigrid-medlem for drapstrusler». Aftenposten. Henta 19. juli 2007. 
  4. Gry Elisabeth Veiby (18. juli 2007). «Fra Vigrid til Stortinget». TV 2. Henta 19. juli 2007. 
  5. Elena Solberg (13. juli 2007). «- Det er patetisk». Drammens Tidende. Henta 19. juli 2007. [daud lenkje]
  6. Erlend Malmo (5. juli 2007). «- Jeg er sjokkert!». Namdalsavisa. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 19. juli 2007. 
  7. «Mer nasjonalisme i Øvre Eiker». Bygdeposten. 13. juli 2007. Henta 19. juli 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]