Norges bygdeungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norges Bygdeungdomslag)

Norges Bygdeungdomslag (NBU) er ein norsk organisasjon som har som mål å fremje interessene til bygder og bygdeungdom ved å ta vare på og utvikla næringsgrunnlaget, busettinga og kulturen i bygde-Noreg. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig og er open for all ungdom der han finst. Medlemsmassen er hovudsakleg mellom 16-30 år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norges Bygdeungdomslag vart stifta 10. august 1946 i Stavanger, og Harald Røed vart vald som den fyrste formannen. NBU var da eit resultat av at Norges Bondelag ynskte å ta opp att sitt ungdomsarbeid som hadde lege nede under andre verdskrigen. NBU har framleis eit godt samarbeid med Norges Bondelag og Norges Bygdekvinnelag.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Norges Bygdeungdomslag har i dag (2017) 7.673 medlemmar. Desse medlemmane er fordelt på 14 aktive fylkeslag og om lag 100 aktive lokallag[1]. Medlemstalet hadde ein topp i 1979 med heile 18.000 medlemmar. I likskap med mange andre ungdomsorganisasjonar har NBU hatt utfordringar i forhold til medlemstalet. Frå midten av 80-talet og fram til år 2000 var medlemsmassen preget av ein jamn nedgang. I dei følgjande tretten åra hadde derimot NBU ein solid medlemsvekst, med 49 % vekst.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

NBU står for allsidige aktivitetar. Kvart fylke og kvart lokallag står i utgangspunktet fritt til å skape eigne aktivitetar tilpassa sitt nærmiljø. NBU sentralt arrangerer kvart år Landsstemnet (ca 1.000 deltakarar), Haustarrangementet (3-500 deltakarar), og ulike kurs. Aktiviteten i fylka og lokalt er stor og svært variert, likevel kan ein kanskje dele inn aktiviteten i tre hovudgreiner: Tevling, kultur og bygdepolitikk.

Tevling[endre | endre wikiteksten]

Tevlingane har følgd organisasjonen sidan NBU vart stifta. På 1950- og 1960-talet var hovudmålet opplæring i landbruk og husstell, men etter kvart har tevlingane vorte meir showprega. NBU delar ut mange NBU- og NM-titlar i løpet av eitt år, og delar kvart år ut kongepokal i anten NM i motorsag eller NM i pløying (arranget saman med Norsk Pløying).

Eksempel på tevlingar i NBU i 2006: Blomsterdekorering, swing, motorsag, traktor-reiskap-tryggleik, borddekking, osteanretting, spekematanretting, grønt og grovt, NBU-Quiz, dialekttevling, kulturmønstring, kombinert skogbruk, Hest-Tryggleik-Ridning, mønstring av hest, blautkaketevling med meir.

Norges Bygdeungdomslag har og ansvaret for landslaget i motorsag som deltek i internasjonale tevlingar, som Nordisk meisterskap og Verdsmeisterskap. Landslaget har oppnådd gode resultat, og er mellom anna regjerande nordiske meistrar både med lag og individuelt.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kultur er eit vidt uttrykk i NBU, og kan omfatta alt frå dansekurs og fest til idrettsturneringar, turar og playstationkonkurransar på storskjerm. Det er medlemmane som ytrar ynska, og det er ungdommane sjølve som skapar aktivitetane. Kulturen i NBU har utvikla seg frå deklamasjon og visegrupper til aktivitetar med eit meir sosialt preg.

Bygdepolitikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om organisasjonen er politisk uavhengig ivaretek den bygdenes interesser. På 1940- og 1950-talet hadde NBU eit internt fokus, med oppseding av ungdommen og førebuing på vaksenlivet som bonde eller kone. 1960- og 1970-talet auka den politiske interessa og NBU kjempa hardt mot eit norsk EU-medlemskap. 1980-talet gav NBU kvinnesak og kampanjar som Utan jenter stopper bygde-Norge og Få swing på bygda di. På 1990-talet fekk NBU ein ny EU-kamp, før det nye tusenåret gav prosjekt som Microby og Gay på landet. NBU kom og med utspelet «Fuck for bygda» i 2005, eit ordspel på Quartfestivalens «Fuck for forest» med bodskap om bygdefolkets innsats for å redde nedleggingstrua grendeskular.

I seinare tid har NBU blant anna markert seg i forbindelse med jordvernsaka, kommunereform og rekruttering til landbruket. Til dømes samarbeider NBU med McDonald's Norge og Felleskjøpet Agri om prosjektet "Grønn Utdanning".

Internasjonalt engasjement[endre | endre wikiteksten]

NBU har også hatt store internasjonale prosjekt opp gjennom tida. På 1960-talet jobba NBU mot apartheid, samt at dei fekk eit konkret prosjekt i Nigeria. På 1980-talet hadde NBU eit prosjekt for vatn i Sør-Sudan. Seinare vart det eit prosjekt i Gambia som vara heilt fram til 1994. Frå 1996 til 2006 har NBU bygd opp ein ungdomsorganisasjon i Guatemala.

Bygdeungdommen[endre | endre wikiteksten]

Bygdeungdommen er medlemsbladet til Norges Bygdeungdomslag, og byrja som laussalsblad allereie i 1936. Kjende forfattarar som Haldis Moren Vesaas og Johan Falkberget dukka opp med tekster og dikt, og Kjell Aukrust medverka med illustrasjonar. Under krigen var Bygdeungdommen det einaste bladet som trykte minneord over falne norske soldatar. Etter krigen merka bladet ein kraftig opplagsauke, heilt opp i 20.000 eksemplar. I 1947 kom Bygdeungdommen inn som medlemsblad for NBU. Dette vart etter kvart nedlagt og hadde ei dvale på nesten 30 år der NBU informerte via andre organ. På 80-talet kom derimot Bygdeungdommen attende, denne gongen som eit reint medlemsblad som følgjer aktivitetane til organisasjonen med tilhøyrande informasjon til medlemmane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nbu.no Om oss. Henta 2017-02-27.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fylke der NBU har fylkeslag