Norges Eksportråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norges Eksportråd blei oppretta 1. november 1945 med formål: Praktiske tiltak til fremme av eksportverksemd. Dei overtok den kommersielle etterretningstenesta i utlandet i samarbeid med Utanriksdepartementet. Dei var dessuten rådgjevande organ for dette i spørsmål om handels- og eksportpolitikk. Dei gav ut tidsskriftet Norges Utenrikshandel og eksportpublikasjonan Norway Exports.

Norges Eksportråd vart ein del av Innovasjon Norge frå 1. januar 2004.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals nye konversasjons leksikon 1954