Norges Fiskarlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Fiskarlag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer938500290
Skipa16. juli 1926
HovudkontorTrondheim
Nettstadhttps://fiskarlaget.no Sjå dette på Wikidata

Norges Fiskarlag er ein landsdekkjande fag- og næringsorganisasjon for norske yrkesfiskarar. Ved stiftinga i Bodø, 16. juli 1926, fekk organisasjonen namnet Fiskernes Faglige Landslag. Namnet vart endra til Norges Fiskarlag i 1930. Første formann var Mons A. Kårbø. Så lenge han var formann, til 1932, hadde laget kontoradresse i Bergen. Då Anders Næsset overtok som formann, vart hovudsetet flytt til Trondheim.

Heilt frå starten bygde organisasjonen på fylkes- og distriktslag. Fleire av desse var skipa før den landsdekkjande organisasjonen. Til distriktslaga var det knytt lokallag, der fiskarane var medlemar. Dei første åra gjekk med til organisasjonsbygging. Første åra hadde laget ein sekretær på deltid. Frå 1930 var den heiltidstilsette sekretæren den einaste tilsette. I siste del av 1930-talet betra økonomien seg, og fiskarlaget fekk ein sterkare organisasjon. Første arbeidsprogrammet vart vedteke i 1935. Der vart spørsmål om minstepris, og regulering av fiskeomsetning og eksport, viktige punkt. Arbeidet med dette førte til at Norges Råfisklag vart oppretta i 1938.

I 1962 forhandla Norges Fiskarlag med staten om støtteordninga for fiskerinæringa. I 1964 vart Hovudavtalen mellom Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag godkjend. Denne avtalen vart oppsagd av staten i 2004.

Frå 1967 har gruppeorganisasjonar vorte inntekne som medlem av Norges Fiskarlag. I 2013 har organisasjonen sju distriktslag (tidlegare fylkesfiskarlag) og to gruppeorganisasjonar:

Formenn[endre | endre wikiteksten]

Desse har vore formenn i styret i Norges Fiskarlag:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag, 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]