Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971524650
Skipa12. mars 1924
HovudkontorHolbergs plass
LeiarKarl-Johan Kjøde
Motto«Vi vil gjøre Jesus kjent på alle skoler og studiesteder i Norge så han blir trodd, elsket og etterfulgt.»
Nettstadhttp://nkss.no Sjå dette på Wikidata

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (NKSS), ofte berre kalla Laget, er ein kristen ungdomsorganisasjon som driv arbeid på skular og studiestader i heile landet. Den blei skipa i 1924 av mellom anna Carl Fredrik Wisløff og Ole Hallesby i samband med den lange og pågåande kyrkjestriden. NKSS høyrte til den meir konservative og pietistiske fløya av Norges kristelige studentforbund, men braut ut fordi forbundet hella mot liberal teologi.

I Noreg er det om lag 230 registrerte skulelag på ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskular, med omtrent 4 000 medlemmer.[1] Laget sin visjon er å gjere Jesus kjend på skular og studiestader, under parolen: «så Han blir trodd, elsket og etterfulgt».[1] Laget er også ein del av den internasjonale lagsrørsla International Fellowship of Evangelical Students (IFES)

Lagsrørsla sitt litteraturarbeid[endre | endre wikiteksten]

Laget har gitt ut Credo Studentmagasin frå 1933. Same året blei også Credo Forlag etablert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om laget» (på norsk bokmål). NKSS. Henta 28. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]