Norges Skogeierforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Skogeierforbund
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer938752826
Skipa2. mai 1913
HovudkontorOslo
Nettstadhttps://skog.no Sjå dette på Wikidata

Norges Skogeierforbund er ein interesseorganisasjon for skogeigarar i Noreg, og ei overbygning for tilslutta andelslag i skogeigarsamvirket. Skogeierforbundet har hovudkontor i Oslo. Skogeigarar som er medlem i eit tilsutta andelslag, er samstundes medlemmer i Skogeierforbundet.

Kvart andelslag er organisert med lokale skogeigarlag som fungerer som valdistrikt for medlemene i representantskapet.

Norges Skogeierforbund vart stifta i Oslo 2. mai 1913, som ein overbygning over dei vassdragsvise skogeigarlaga. Inititativtakar var Olav Nergård, som var formann i Glommen, det eldste av skogeigarlaga, stifta i 1903.

Skogeierforbundet fremjer næringsinteressene for skogeigarane, og det arbeider for å sikre eigedomsretten deira.

Det er sett saman av lokale andelslag:

Andelslag 2007 Lokallag Medlemmer
Havass Skog BA 10 1124
Glommen Skog BA 20 2675
Mjøsen Skog BA 27 3966
Viken Skog BA 79 11957
AT Skog BA 54 7815
Vestskog BA 28 1506
Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA 21 1132
Allskog BA 103 8185
SUM 342 38360

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]