Normandie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Normandie

Normandie (normannisk: Normaundie) er ein geografisk region som tilsvarar det tidlegare Hertugdømet Normandie. Han ligg ved kysten sør for Den engelske kanalen mellom Bretagne (i vest) og Picardie (i aust) og består av område nord i Frankrike og Kanaløyane. Området er delt mellom Frankrike og Storbritannia. Området av Normandie som ligg på det europeiske kontinentet ligg i Frankrike og dekkjer eit areal på 30 627 km²[1], som er om lag 5 % av Frankrike. Av administrative årsaker er dette området delt inn i to franske regionar: Basse-Normandie og Haute-Normandie. Kanaløyane (kalla Iles Anglo-Normandesfransk) består av Guernsey og Jersey.

Haute-Normandie (Øvre Normandie) består av dei franske départementa Seine-Maritime og Eure, og Basse-Normandie (Nedre Normandie) består av departementa Orne, Calvados og Manche. Den tidlegare provinsen Normandie bestod av det som i dag er Basse og Haute-Normandie, i tillegg til små område av det som i dag er ein del av departementa Eure-et-Loir, Mayenne og Sarthe.

Namnet Normandie kjem frå då vikingar («nordmenn») erobra området og busette seg her frå 800-talet. Dette vart stadfesta i ein traktat på 900-talet. I om lag 150 år etter den normanniske erobringa av England i 1066, delte Normandie og England normanniske herskarar, men etter 1204 vart det kontinentale område overtatt av Frankrike.

Det bur i dag om lag 3,45 millionar innbyggjarar i Normandie. I den franske delen av Normandie utgjer dei 3,26 millionar innbyggjarane 5,5 % av det totale innbyggjartalet i Frankrike (2005).

Basse-Normandie er hovudsakleg eit jordbruksområde der beitande kyr er den viktigaste næringa. Haute-Normandie er meir industribasert. Normandie er ein stor produsent av sider og produserer òg Calvados, destillert sider eller eplebrennevin. Andre viktige næringar er mjølkeproduksjon, lin (60 % av produksjonen i Frankrike), hesteavl, fiske, sjømat og turisme. Regionen inneheld tre franske atomkraftverk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 27 f.Kr. omorganiserte keisar Augustus dei galliske områda ved å legge Calètes og Véliocasses til provinsen Gallia Lugdunensis, som hadde Lyon som hovudstad. Romarane bygde vegar og urbaniserte delar av Normandie.

Hertugdømet Normandie vart oppretta av vikinghøvdingen Rollo (òg kjend som Robert av Normandie). Rollo hadde omleira Paris, men vart i 911 ein vasall under kongen av Vestfrankarriket, Karl den einfaldige gjennom Saint Clair-sur-Epte-traktaten. I byte fekk Rollo stadfesta ved lov at han eigde landområda han og vikingane hans tidlegare hadde erobra. Namnet Normandie refererer til at Rollo og vikingane kom frå nord («nordmenn»).

Etterfølgjarane etter Rollo tok i bruk det lokale galloromanske språket og gifta seg inn i dei opphavlege familiane i området, og vart normannarane - ei blanding av skandinavar, norrøn-gælarar, orknøyingar, anglodanskar og innfødde frankarar og gallarar med normannisk som morsmål.

Romersk teater i Lillebonne

Rollo sin etterfølgjar Vilhelm, hertug av Normandie vart konge av England i 1066 etter den normanniske invasjonen som enda med slaget ved Hastings, medan han haldt på Normandie for seg sjølv og etterkomarane sine.

Normannisk ekspansjon[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå erobringa av England, Wales og Irland, erobra normannarane andre område.

Tancred sine søner Vilhelm Jernarm, Drogo av Hauteville, Humphrey av Hauteville, Robert Guiscard og Roger I av Sicilia erobra emiratet Sicilia og fleire område i Sør-Italia og kjempa til seg område for seg sjølv og etterkomarane sine i Krossfararstatane i Litleasia og Det heilage landet.

Den normanniske utforskaren Jean de Béthencourt oppretta på 1400-talet eit kongedøme på Kanariøyane. Béthencourt tok tittelen Konge av Kanariøyane, men anerkjende Henry III av Castile, som hadde hjelpt han med erobringa, som sin overherre.

Normanniske familiar, som Tancred av Hauteville sin familie, spelte viktige roller i Krosstoga.

Delinga av Normandie[endre | endre wikiteksten]

I 1204, under regjeringstida til kong Johan vart det normanniske fastlandet tatt av Frankrike under Filip II, medan Kanaløyane vart verande under engelsk kontroll. I 1259 anerkjende Henrik III av England fransk herredøme over Normandie ved Paristraktaten. Etterkomarane hans kjempa derimot for å få tilbake kontrollen over dei franske områda i Normandie.

Charte aux Normands gjeve av Ludvig X av Frankrike i 1315 (og seinare stadfesta på ny i 1339) garanterte for fridom og privilegium til provinsen Normandie.

Fransk Normandie vart okkupert av engelske styrkar under hundreårskrigen i 1346-1360 og igjen i 1415-1450. Etter krigen blømde Normandie fram til religionskrigane, då mange normanniske byar (Alençon, Rouen, Caen, Coutances, Bayeux) tok del i reformasjonen og fleire slag vart utkjempa i provinsen. På Kanaløyane vart ein periode med kalvinisme etter reformasjonen slått ned på då anglikanismen vart påtvungen etter den engelske borgarkrigen.

Under den franske revolusjonen støtta Normandie generelt ideen om ein sambandsrepublikk.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen, etter våpenkvilen 22. juni 1940 vart den kontinentale delen av Normandie okkupert av Tyskland. Kanaløyane vart okkupert av tyske styrkar mellom 30. juni og 4. juli.

Byen Dieppe var åstad for det uheldige Dieppe-raidet av kanadiske og britiske styrkar.

Normandie spelte si svært viktig rolle i den andre verdskrigen. Det var på strendene i Normandie at D-dagen, der dei allierte inntok det tyskokkuperte Frankrike, fann stad under kodenamn Operasjon Overlord. Caen, Cherbourg, Carentan, Falaise og andre normanniske byar leid store tap i slaget om Normandie, som haldt farm til den såkalla Falaise-lomma mellom Chambois og Montormel vart lukka og Le Havre vart frigjeve.

Dette førte til gjenopprettinga av Den franske republikken og eit viktig vendepunkt i krigen. Delar av Normandie vart først frigjeve 9. mai 1945 mot slutten av krigen, då okkupasjonen av Kanaløyane enda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein typisk normannisk landsby

Det historiske Hertugdømet Normandie okkuperte dei nedre delane til elva Seinen, Pays de Caux og regionen vestover gjennom Pays d'Auge og heilt til Cotentinhalvøya.

Regionen grenser i nord til Den engelske kanalen. Det er granittklipper i vest og kalksteinsklipper i aust. Det er òg lange stykke med strender i sentrale område av kysten. Seinen som dannar lange meanderar på veg mot elvemunningen utgjer ein stor del av landskapet.

Det høgaste punktet i Normandie er Signal d'Écouves på 427 moh i Suisse Normande (Normannisk Sveits).

Det er lite skog i Normandie[2], berre 12,8%, samanlikna med heile Frankrike som har 23,6 % av landarealet dekt med skog. Eure har størst skogdekke med 21%, medan Manche berre har 4%.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Kanaløyane[endre | endre wikiteksten]

Kanaløyane (bortsett frå Chausey), som høyrer til Storbritannia, vert kulturelt og historisk rekna som ein del av Normandie.

Sjølv om Storbritannia sa frå seg kravet om det normanniske fastlandet og andre franske område i 1801 har monarken av Storbritannia tittelen Hertug eller Hertuginne av Normandie som følgje av Kanaløyane. Kanaløyane er ein del av den britiske krona.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Av elvar i Normandie finn ein:

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå: Kategori:Byar i Basse-Normandie og Kategori:Byar i Haute-Normandie

Dei største byane i Normandie (etter folketeljinga i 1999) er Rouen (518 316 innbyggjarar i storbyområdet), hovudstaden i Haute-Normandie og tidlegare for heile provinsen, Caen (370 851 innbyggjarar i storbyområdet), hovudstaden i Basse-Normandie, Le Havre (296 773 innbyggjarar i storbyområdet) og Cherbourg (117 855 innbyggjarar i storbyområdet).

Mat og drikke[endre | endre wikiteksten]

Mange tenker ofte på osten Camembert som typisk fransk, men er eigentleg eit produkt frå Normandie.

Delar av Normandie består av åslendt landskap med store beitemarker for mjølkekyr og eplehagar. Mange mjølkeprodukt vert produsert og eksportert. Av normannisk ost finn ein Camembert, Livarot, Pont l'Evêque, Brillat-Savarin, Neufchâtel, Petit Suisse og Boursin.[3] [4] Normandie smør og Normandie rømme vert brukt i gastronomiske spesialitetar.

Fisk og sjømat har høg kvalitet i Normandie. Piggvar og østers frå Cotentinhalvøya er store delikatesser i heile Frankrike. Normandie er den største østers- og blåskjelprodusenten og uslingeksportøren i Frankrike.

Det vert produsert lite vin i Normandie, men derimot mykje sider. Pærevin vert òg produsert, men i mindre mengder. Eplebrennevin, og særleg calvados, er òg populært. Trou normand, eller ein «normannisk pause», er ein pause i eit måltid der middagsgjestene tar eit glas calvados. Dette er ein tradisjon i mange heimar og restaurantar i Normandie. Pommeau er ein aperitiff produsert av ugjæra cider og eplebrennevin. Ein annan aperitiff er kir normand, eit mål med solbær toppa med sider. Bénédictine vetr produsert i Fécamp.

Eple vert òg nytta i matlaging. Til dømes er moules à la normande blåskjel kokt med eple og rømme, bourdelots er små eplekaker, høner vert flambert med eple og alle delar av Normandie har sin eigen variant av eplekake.

Andre spesialitetar frå regionen er tripes à la mode de Caen, andouille og andouillettes, salta (pré salé) lam, sjømat (blåskjel, usling, hummar, makrell) og teurgoule (krydra rispudding).

Av materettar frå Normandie finn ein mellom anna and à la rouennaise, sautert kylling yvetois, og gås en daube. Kanin vert kokt med morkel eller à la havraise (fylt med griselabbar med trøflar). Andre rettar er saueføter à la rouennaise, gryterett med kalvekjøt, most kalvelever stekt med gulrøter og kalv (eller kalkun) i rømme og sopp.

Normandie er òg kjend for bakverket sitt. Brioche kjem her frå (særleg Évreux og Gisors), i tillegg til douillons (innbakte pærer), craquelins, roulettes i Rouen, fouaces i Caen, fallues i Lisieux, sablés i Lisieux. Av konditorvarer finn ein eplesukker frå Rouen, Isignykaramellar, Falaise berlingot, marsipan frå Le Havre, croquettes frå Argentan og makroner frå Rouen.

Normandie er fødestaden til Taillevent, kokken til dei franske kongane Karl V og Karl VI. Han skreiv den første franske kokeboka, Le Viandier. Confiture de lait (ein tjukk karamellsaus) vart òg laga i Normandie rundt 1300-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Normandie