Normann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til kanadiske Norman Kwong.

Normann, Norman og Normand er mannsnamn og slektsnamn av germansk opphav. Normann har norsk namnedag den 12. mai.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Namnet tyder 'nordmann' og kan visa til vikingar, normannarar eller nordmenn. I England blei namnet opphavleg brukt som kallenamn for norrøne innflyttarar til stader som England. Det blei etterkvart også eit personnamn. Avleidde kvinnenamn er Normanna, Normina, Norma, Nora og Mona.

I fransk samanheng kan namnet visa til nokon som stammar frå Normandie. I nederlandsk kan det visa til nokon som kjem frå Noreg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Etter den normanniske invasjonen av England fekk namnet auka utbreiing. Det gjekk ut av bruk som førenamn rundt 1300-talet, men blei populært igjen på 1800-talet, då ein person i romanen The Daisy Chain av C.M. Yonge heitte det.

I Noreg har 1 496 Normann som slektsnamn og 257 har det som etternamn. 335 menn har Normann som førenamn og 179 Norman.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Personnamn[endre | endre wikiteksten]

Slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]