Normannarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei normanniske områda på 1100-talet

Normannarar («nord-mennene») var opphavleg skandinavar, spesielt danske vikingar som mot slutten av 800-talet byrja å etablere seg i den nordlege delen av Frankrike som no blir kalla Normandie. Under høvdingen Rollo (moglegvis identisk med Gange-Rolv) svor dei truskap til Karl III av Frankrike, som i 911 gav dei eit område ved den nedre Seinen som dei etterkvart utvida til hertugdømet Normandie.

Dei tok til seg kristendommen og det franske språket, og skapte ein kulturell identitet som avveik både frå den skandinaviske og den franske. Normannarane var blant anna kjende for å vere driftige og for evna til å tilpasse seg, noko som førde til at dei med hell okkuperte fleire område i Europa. Spesielt viktige blant desse er England og Sicilia, men dei etablerte seg òg blant anna i Wales, i Skottland og på Irland.

I Normandie[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 900-talet gjekk dei nordiske vikingane over frå åtak langs dei franske elvane til meir eller mindre permanente busetjingar. I møtet med dei lokale innbyggjarane forsvann nordisk religion og språk, og vart erstatta med kristendom og normannisk språk, basert på oïl, eit lokalt språk som danna grunnlaget for fleire regionale språk i Frankrike. Normannisk er enno eit regionalt språk i Normandie, men har på grunn av ei avgjersle i Den franske grunnlova ikkje status som offisielt språk.

Etter å ha etablert ein sikker base byrja dei å ekspandere, først innanfor dagens Normandie. Felttoga mot nærliggande stader vart for det meste leia av yngre søner som ikkje hadde utsikter til å arve, og andre som ikkje hadde nokon arverett i området. Normandie vart omtrent identisk med den gamle kyrkjelege provinsen med sete i Rouen. Regionen hadde ikkje nokre naturlege grenser.

Den framveksande føydale styreforma i Frankrike vart òg innført i Normandie. Både der og seinare i England vart det gjort modifikasjonar i systemet, slik at det vart tilpassa lokale tilhøve og alt i alt fungerte betre.

Krigarklassen til normannarane skilde seg frå det gamle franske aristokratiet. Mange av dei i sistnemnde kategorien kunne spore slekta si tilbake til karolingisk tid, medan normannarane sjeldan kjende forfedrane sine meir enn nokre få generasjonar tilbake. Dei fleste av riddarane var òg fattige og hadde lite jord, og krigarar vart eksportert til andre land som leigesoldatar.

I England[endre | endre wikiteksten]

I 1066 invaderte hertug Vilhelm II av Normandie England, og erobra landet. Normannarane erstatta angelsaksarane som den herskande gruppa i England, og etter ein periode med opprør og mistru byrja dei to folkegruppene å blande seg gjennom ekteskap. Språka, normannisk og gammalengelsk, vart blanda slik at mellomengelsk språk etterkvart oppstod. Dette språket har til felles med moderne engelsk at det er eit germansk språk med mange romanske låneord.

Normannarane i England byrja etterkvart å identifisere seg som anglo-normannarar. Då hundreårskrigen braut ut identifiserte det anglo-normanniske aristokratiet seg først og fremst som engelsk.

I Skottland[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei som kravde den engelske trona i opposisjon til Vilhelm Erobraren var Edgar Atheling. Han flykta til Skottland med familien sin, og systera hans Margaret gifta seg der med kong Malcolm Canmore. Det hadde då alt oppstått ei usemje mellom Malcolm og Vilhelm om grensa mellom Skottland og England.

Då Vilhelm invaderte Skottland i 1072 rei han sjølv heilt til Firth of Tay, der han møtte flåten sin. Malcolm underkasta seg raskt, og overgav sonen sin Duncan som gissel. Dette var starten på ein lang strid om i kva grad den skotske krona var underlagt den engelske.

Fleire normanniske familiar bygde slott i Skottland. Den seinare kongen Robert the Bruce var av normannisk avstamming, og det same gjeld fleire klanar i høglandet. Det normanniske føydalsystemet vart innført, men dei hadde liten påverknad på språket; innføring av engelsk i Skottland kom seinare.

I Irland[endre | endre wikiteksten]

Normannisk festning i Trim i grevskapet Meath.

Normannarane i Irland kom for det meste i mindre grupper, og slo seg på 1100-talet ned i eigne busetjingar og slott. Dei vart raskt tekne opp i det irske samfunnet, og mange har sagt at dei vart meir irske enn irane sjølv. Ved seinare invasjonar frå England stod etterkomarane til normannarane på irsk side, kanskje først og fremst fordi dei ikkje ville underleggje seg London og betale skatt.

Det viktigaste normanniske området på Irland er Pale i aust. Fleire store slott, som Trim og Dublin, vart bygd av normannarar.

Nokre irske namn har klart normanniske opphav, som Molyneux i Kerry og Devereux i Wexford og blir uttalt Devericks som nokre òg stavar det. Andre samband er ikkje like openberre, slik som med Tobin som er vorte Toíbín på irsk og eigenleg er ei forvansking av franske ‘de St. Aubyn’. Alle namn som byrjar med ‘Fitz’, Fitzgerald, Fitzpatrick, Fitzsimons og vidare er av normannisk opphav. Fitz er rett og slett ein feiluttale av franske ‘fil si’ (‘son av’), og nytta indikerer ein aristokratisk bakgrunn.

Andre samband kan vere mindre opplagte og meir obskure, som til dømes Redmond, som er fonetisk uttale av irske Réamonn som igjen er ei direkte omsetjing av franske ‘le Groast’ i meininga ‘stor mann’. Det same namnet ‘le Groast’ har igjen vorte førenamnet Grace. Nokre normanniske namn er eit uttrykk for posisjonen til beraren, namnet Butler (eigenleg ‘tenar’) er ein etterkomar frå Theobald Fitzwalter som vart utpeikt til Chief Butler (Første Tenaren) av Irland av kong Henrik II av England i 1177.

I Middelhavsområdet[endre | endre wikiteksten]

Nokre normanniske grupper søkte sørover, og etablerte basar i Aversa, Capua, Aoulia og Calabria. Frå desse basane lukkast dei etterkvart i å erobre Sicilia og Malta frå sarasenarane. Områda dei etterkvart styrde som hertug- eller kongedøme var:

I Italia utgjorde dei ein viktig politisk faktor. I strida mellom pavar og tysk-romerske keisarar stilte dei seg normalt på paven si side. Eit av dei viktigaste døma er Robert Guiscard, som var den einaste støttespelaren til pave Gregor VII i konflikten med keisar Henrik IV av Det tysk-romerske riket. Denne striden førde blant anna til at normannarane angreip Roma, der adelen støtta keisaren, og plyndra og brente store delar av byen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]