Nornefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nornefeltet
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Olje og gass
Tilknytt terminal Kårstø
Funnår
Oppstart 6. november 1997
Geografi og geologi
Plassering Norskehavet, Sklinnabanken, blokkene 6608/10 og 6608/11
Koordinatar 66°1′N 8°4′EKoordinatar: 66°1′N 8°4′E


Havdjupne 380 m
Reservoardjupne 2500 m
Reservoarbergart Sandstein frå juratida
Rettshavarar
Petoro 54 %

Statoil 39,1 %
Eni Norge 6,9 %

Nornefeltet er eit stort olje- og gassfelt på midtnorsk kontinentalsokkel, utanfor Helgeland. Det er kalla opp etter nornene, lagnadsgudinner frå norrøn mytologi. Nornefeltet vart sett i produksjon den 6. november 1997 og lisensen til feltet vart tildelt i 1986 for blokkene 6608/10 og 6608/11. Norne ligg 85 km frå Heidrunfeltet.

Reservoaret ligg på 380 meters havdjup og 2500 meter under havbotn. Reservoaret består av sandstein som høyrer til formasjonane Åre, Tilje, Tofte, Ile, Not og Garn, avsett tidleg i juratida mellom 200 og 170 millionar år sidan.

Produksjons- og lasteskipet Norne vert nytta fast på feltet og er tilknytt brønnramme på havbotn. Fleksible stigerøyr går frå skipet til reservoaret. Sjølve skipet Norne dreiar rundt ein sylinderforma turret som er ankra fast på botn. Slik kan skipe alltid ligge med baugen mot vinden. Skipet har prosessanlegg på dekk og lagertankar for olje. Olja vert lasta på tankskip og transportert til marknaden. Olja vert produsert ved hjelp av vassinjeksjon. Det har vorte eksportert gass frå Norne sidan februar 2001 Gassinjeksjonen vart avslutta i 2005 og all gass vert no eksportert.

Gasseksporten tok til i februar 2001 og skjer via ei eiga røyrleidning, Norne gasseksport, til Åsgard og vidare i Åsgard transport til Kårstø og frå her vidare til kontinentet. Ilandføringsstaden for gassen er i Dornum i Tyskland, om lag 1400 km frå Kårstø.

Satellittfelt[endre | endre wikiteksten]

Fleire felt er knytt til Nornefeltet, og har forlenga levetida til Norne frå om lag 2016 til 2021. Desse er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]