Norodom Sihamoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norodom Sihamoni

Norodom Sihamoni (fødd 14. mai 1953) er konge i Kambodsja og son av kong Norodom Sihanouk og dronning Monineath.

Han blei vald til konge den 14. oktober 2004 etter den uventa abdiseringa til kong Norodom Sihanouk ei veke tidlegare, og krona i Phnom Penh den 29. oktober.

Sihamoni er ugift og barnlaus. Det at han manglar ein tronarving er likevel ikkje noko stort problem i Kambodsja, ettersom tronrådet vel kongen.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.