Norrström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norrström
elv
none
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Kjelde Mälaren
Munning Austersjøen
Lengd Norrbro der Norrström fossar ned mot Stockholms ström og Austersjøen km
Nedslagsfelt 22 650,2 km²
Vassføring
 - middel 166 /s

Norrström er ei kort elv i Stockholm og det primære utløpet frå Mälaren til Austersjøen og den vassvegen som gav opphavet til grunnlegginga av Stockholm.

Norrström byrjar i Riddarfjärden ved Strömsborg, der Vasabron no strekkjer seg. Ved Helgeandsholmen deler Norrström seg i to greiner som har kvar sin barriere for å regulere vassføringa. I den sørlege greina, Stallkanalen, vert vatnet halde tilbake, og det er via den nordre greina at ein kan sjå dei største vassføringane, som ved Norrbro dannar små stryk. Etter Helgeandsholmen og stryka aust for Norrbro går Norrström over i eit breiare og rolegare løp. Her byrjar Strömmen som strekkjer seg ein bit vidare ut i Saltsjön. Ved Strömbron sluttar Norrström.

Norrström har gjeve namn til nedslagsfeltet som vert danna av Mälaren og Hjälmaren med tilhøyrande vassdrag. Nedslagsfeltet er på 22 650 km². Etter middelvassføringa på 160 m³/s[1] er Norrström det tiande største vassdraget i Sverige. Blant dei største tilløpselvane til Mälaren er Eskilstunaån, Arbogaån, Kolbäcksån og Fyrisån.

I Norrström vert det fanga hundrevis av laks og sjøaure kvart år og sportfiskarar er eit vanleg syn. I år 2000 vart det fanga ein laks her som vog nesten 22 kg. Det finst over 30 ulike fiskeslag i Norrström, noko som gjer ho til det artrikeste fiskeområdet i Stockholmsregionen. Sidan 1970-talet har det vore drive ein aktiv fiskeforvaltning, og laks og sjøaure er blitt sett ut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Samarbete för bättre vatten, Vattenmyndigheten Norra Östersjön, (2008)