Norrtälje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°45′19.285″N 18°41′45.542″E

Norrtäljes byvåpen
Norrtälje cirka år 1700

Norrtälje er ein by i Stockholms län i i Uppland i Sverige. Han er administrasjonssentrum i Norrtälje kommun og hadde i 2011 17 725 innbyggjarar.

Byen er eit sentrum for handel og industri. Uthamna Kapellskär har ferjesamband til Åland og Naantali (Nådendal) i Finland. Som hovudby i Roslagen har Norrtälje stor turisttrafikk. I byen ligg Roslagsmuseet. Utanfor byen er det skjergard med fritidshus.

Norrtälje har vore eit handelssentrum frå 1200-talet med stor våpenindustri på 1600- og 1700-talet. Han fekk byrettar av Gustav II Adolf i 1622. Byen blei brend av russarane i 1719. I 1884 blei det oppretta jernbane til Uppsala i vest, via tettstaden Rimbo, som òg fekk stasjonsknutepunkt til Stockholm. Dei to jernbanesambanda blei derimot nedlagt høvesvis på 1960-talet og i 1981.

Byen ligg om lag 68 kilometer nordaust frå Stockholm og 72 kilometer aust frå Uppsala, inst ved Norrtäljeviken, ei to mil lang vik som går i austvestleg retning og munnar ut i Austersjøen. Låge trehus pregar byen enno, endå om det for tida vert bygd mykje nytt. Gatene i midbyen er uregelrette på mellomaldervis; endå er ingen bygg er eldre enn 1719, då russarane brende byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]