Norsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsjø
Stad Skien, Nome, Sauherad (Telemark)
Koordinatar 59°21′50″N 09°12′04″EKoordinatar: 59°21′50″N 09°12′04″E
Overflateareal 55,48 km²
Største djupne 176 m
Vassvolum 5,10 m³
Kystlengd1 123,36 km
Høgd over havet 15,3 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Norsjø er ein innsjø i Telemark. Namnet kjem av gammalnorsk nór, som tyder «trong» eller «smal». Djupna ligg for ein stor del på om lag 170 m. Innsjøen er regulert med demning ved Skotfoss til ei høgd over havet på 15,3 m. Lengda er om lag 30 km.

Dei fleste elvar som høyrer til Skiensvassdraget samlar seg i Norsjø før vassdraget munnar ut i Skienselva. Dei største av desse er Eidselva frå Bandakkanalen, Bøelva (Gvarvelva) frå Seljordsvatn og Sauarelva frå Heddalsvatnet.

Norsjø er drikkevasskjelde for kommunane Skien og Nome.

Norsjø utgjer ein sentral del av Telemarkskanalen ved at han går frå Bandak-Norsjøkanalen, òg kalla Bandakkanalen, til Norsjø-Skienkanalen.

Det er ein del reiselivsverksemd ved Norsjø, i hovudsak frå Ulefoss og nordover. Her finn ein, utan overnattingsstader og campingplassar, både golfbane og museum.

Sluseanlegga til begge nemnde kanalar er populære turistmål, t.d. Løveid ved Skotfoss (Norsjø-Skienkanalen), og Ulefoss og Vrangfoss (Bandakkanalen). Ulefos Hovedgaard er ein del av Telemark Museum.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.