Norsk Allkunnebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid.[1] Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord.

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vinn på å vekte norske tilhøve, ved å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la dei særleg vinn på å få med stoff om bygdenæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kyrkjesokn, herad og byar; det har opplysningar om fjordar i Noreg, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

I siste bandet er det med ein bolk med tillegg og rettingar. Det store kommunebrigdet som gjekk for seg under utgjevingstida gjorde at mange artiklar om norske herad var vortne forelda før verket var ferdig, og det vert kort greidd ut om bakst i siste bandet.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid, på mange område måtte redaksjonen finne fram til ein nynorsk terminologi der det før var heilt urydda mark. Økonomiske vanskar hos forlaget gjorde at særleg dei to siste banda vart skadelidande.

Inndeling av banda[endre | endre wikiteksten]

«drukning, kjøving når munn og nase kjem under vatn slik at det stengjer for luftpassasjen. Med det same det kjem vatn ned i dei øvre luftvegane, stoppar ein reflektorisk å puste. Men etter nokre få minutt gjer skorten på nøre ein medvitslaus, og ein pustar inn på nytt. Det fører til at ein større el. mindre del av luftvegane og lungene blir fylte med vatn, og livet er sløkt. Ein som druknar kan ofte reddast med kunstig anding (s.d.). G. N-e.»

Lækjar Gunnar Nese
Norsk Allkunnebok, tredje bandet, kolonne 518

Leksikonet er oppdatert fram mot trykkedatoen, som er trykt på kvart legg, til orientering for lesarane. Inndelinga av banda er slik:

I. bandet: A - Bennett, trykt frå 21. juni 1948 til 17. oktober 1949
II. bandet: Bennett, W.S. - Clodius, trykt frå 17. november 1949 til 25. mai 1951
III. bandet: cloisonné - epigonane, trykt frå 22. juni 1951 til 4. juni 1952
IV. bandet: epigrafikk - Fyresdal, trykt frå 8. august 1952 til 22. juli 1953
V. bandet: Fyresdalen - heimearb., trykt frå 17. november 1953 til 17. august 1954
VI. bandet: heimebr. - Jondal, trykt frå 15. desember 1954 til 10. oktober 1955
VII. bandet: Jondalen - Lausitz, trykt frå 17. januar 1956 til 11. mars 1957
VIII. bandet: lauskar - Norheimsund, trykt frå 1. august 1957 til 6. mai 1958
IX. bandet: Norig - skuld, trykt frå 12. januar 1959 til 23. februar 1960
X. bandet: Skuld - Åvik, trykt frå 15. desember 1964 til 27. juni 1966
Atlasband

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok i digitalisert form hjå Nasjonalbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

I. A - Bennett
II. Bennett, W.S. - Clodius
III. cloisonné - epigonane
IV. epigrafikk - Fyresdal
V. Fyresdalen - heimearb.
VI. heimebr. - Jondal
VII. Jondalen - Lausitz
VIII. lauskar - Norheimsund
IX. Norig - skuld
X. Skuld - Åvik, tillegg og rettingar
Atlas

Søk i Norsk Allkunnebok[endre | endre wikiteksten]