Norsk Data

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Data


Skipa1967
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktminidatamaskin
Grunnleggjar(ar)Lars Monrad-Krohn, Per Bjørge, Rolf Skår
NORD-1 fra 1968, den første Norsk Data minimaskina.
Foto: Thomas Skogestad
To Nord-10 maskinar fotografert i lokale på NTNU.
Foto: Jens Ådne Rydland
Norsk Data sitt tidlegare bygg i Olaf Helsets vei på Skullerud i Oslo.
Foto: Hans-Petter Fjeld

Norsk Data (ND) var ein minimaskinprodusent med hovudkontor i Oslo. Føretaket var til frå 1967 til 1992 og var mest aktiv frå tidleg på 1970-talet til midten av 1980-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet åt ND går attende til utviklinga av digitale datamaskinar ved Forsvarets forskingsinstituttKjeller kor fleire tidlege datamaskinar vart laga, så som SAM og SAM 2 (også kjent som FLINK).

På grunn av framgangen frå denne utviklinga blei A/S Nordata - Norsk Data Elektronikk oppretta 8. august 1967 av Lars Monrad Krohn, Per Bjørge og Rolf Skår.

Selskapet vart ein signifikant leverandør av minimaskinar til mange forskingsprosjekt, og spesielt til CERN i Geneve der det blei valt som leverandør til eit partikkelakseleratorprosjekt. ND hadde òg ein stor kontrakt med Singer for ein leveranse av datamaskinar til flysimulatorar som F-16-simulatoren.

ND var ein stor leverandør til offentleg sektor i Noreg så vel som til universitet og andre innan utdanningssektoren. Men også private verksemder stod på kundelista, til dømes: Det Norske Meteorologiske Institutt, Jonas Øglænd, Kreditkassen, Norsk Tipping, Mobil Exploration Norway Inc, Elf Aquitaine, Stavanger Aftenblad og Kongsberg Våpenfabrikk.

Etter ei lengre tid med stor suksess starta ND daudspiralen tidleg på 1990-talet, i stor grad på grunn av at dei ikkje hadde sett for seg kva innverknad PC-en ville ha på marknaden og sterkare konkurranse frå unixmaskinar.

Norsk Datas teknologi blei vidareført av Dolphin.

Maskinvare[endre | endre wikiteksten]

Signifikante Norsk Data datamaskinmodellar var:

  • Nord-1, 16-bit minimaskin utgjeven i 1968, køyrde TSS (sjå under) frå 1971
  • Nord-5, 32-bit supermini utgjeven i 1972
  • Nord-9
  • Nord-10, 16-bit mini utgjeven i 1973
  • Nord-10S
  • Nord-50, andre generasjon 32-bit supermini i 1975
  • Nord-100, 16-bit, frå 1978
  • Nord-100/CE
  • ND-100 Compact, siste leveranse 2001
  • ND-120CX
  • ND-Satellite
  • ND-500, tredje generasjon 32-bit supermini i 1981
  • ND-505, 28-bit-maskin tillaten gjennom austblokk-embargoen
  • ND-510/CX
  • ND-520
  • ND-540
  • ND-570/CX, verdas raskaste 32-bit supermini i 1983, 7.1 Whetstone MIPS
  • ND-5000, fjerde generasjon 32-bit supermini i 1987
  • ND-5700
  • ND-5850, femte generasjon 32-bit supermini i 1987
  • ND-5904

Programvare[endre | endre wikiteksten]

Norsk Data tilbaud òg eit utval av system- og brukarprogramvare:

Verd å notere: Verdsveven oppstod då Tim Berners-Lee skreiv Enquireprogrammet på ein SINTRAN III minimaskin i CERN.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]