Norsk Landboeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Første framsida av Norsk Landboeblad

Norsk Landboeblad var ei avis som vart gjeven ut i Volda. Bladet kom ut i åra frå 1810 til 1816. Sivert Aarflot var utgjevar og i åra 1810-12 også redaktør. Frå 1813, til bladet gjekk inn, var sonen Rasmus S. Aarflot redaktør. Bladet var det fyrste i Noreg som vart redigert frå landsbygda.

Avisa[endre | endre wikiteksten]

Aarflot fekk i 1809 i drift eit prenteverk på garden sin i Volda. Attåt løyve frå kongen til å drive prenteverk, fekk han løyve til å gje ut eit opplysingsblad mynta på norske bønder.

Opningsnummeret av Norsk Landboeblad er dagsett 2. januar 1810. Fyrste årgangen er på 52 nummer, så bladet var då vekeavis. Også i fyrste halvår av 1811 kom avisa ut nokså regemessig ein gong om veka. Grunna manglande papirforsyning, kom ho ut berre få gonger i andre halvår. Til saman kom 29 nummer ut i 1811. Papirtilgongen, som kom til vere utilstrekkeleg i resten av avisa si levetid, førte til at det i 1812 kom ut berre 12 nummer (eitt kvar månad). Både i 1813 og 1814 kom bladet ut i 16 nummer. 1815-årgangen er bladet atter månadsavis (12 nummer, pluss 6 meteorologiske blad). Siste årgangen, 1816, kom det ut 19 nummer. I det siste nummeret opplyser ein at prenteverket var fritt for trykkepapir, ei bestilling frå hovudstaden var allereie fleire månader på etterskot. Samstundes var utgjevaren sjuk. Siste avisutgåva vart trykt i juni 1816.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Norsk Landboeblad hadde mange artiklar basert på tradisjon som utgjevaren hadde notert ned gjennom mange år, mellom anna vessar og songar frå si tid som lærar. Artiklar frå norsk historie kom det og ein del av, også frå mellomalderen. Historiske tilhøve vart og presentert gjennom tekstar på gammalnorsk. Bladet hadde elles døme på målføre, gjennom minst to ordsamlingar. I alle årgangane fanst det artiklar med praktiske råd kring landbruk og matstell, og omtale av matnauda og rådgjerder mot denne. Attåt tilfeldige avisnummer sende utgjevaren såkalla følgjestykke; trykk med råd om jordbruk og mat. Samtidige politiske hendingar vart referert, og varsamt kommentert. I 1814 hadde bladet stoff vedkomande Kielfreden, Napoleons forvising til Elba og av 17. mai. Nyheitsstoffet henta Norsk Landboeblad frå norske byaviser og utlandske aviser som utgjevaren fekk tilsendt.

Opplag, format og drift[endre | endre wikiteksten]

Dei to fyrste årgangane vart bladet trykt i eit opplag på 600 eksemplar. Deretter var det minkande, utan ein har tal for reduksjonen. Papirmangelen førte elles til at bladet frå 1814 vart bringa ut til eit meir lokalt nedslagsfelt. Formatet var opphavleg 20x16 cm, frå 1812 redusert til 19x16 cm. Frå 1814 vart avissidene minka til 15x9 cm, men dei ulike nummera kom frå da av i 8 sider (av og til 10), mot tidlegare 4 bladsider.

Frå trykkeriet på Ekset kom i gang i 1809 til sommaren 1811 var det Andreas Steen frå Trondheim som stod for trykkinga. Rasmus S. Aarflot, den unge sonen til ugjevaren, lærde av boktrykkaren Steen. Frå juli 1811 var det så Rasmus som trykte bladet, 1813-16 hjelpt av ein ung ørsting, Peder Olsson Myklebust.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på bladet skifta fleire gonger. Norsk Landboeblad var namnet i 1810-11. Så heitte bladet Det Norske Landboeblad i 1812 og -13. Dei neste to åra var namnet Det Norske Landboblad. Siste årgangen kom som Ugentlig Norsk Landboblad.

Avisa Møre som kjem ut i Volda, reknar Norsk Landboeblad som ein forløpar til dagens avis. Firmaet som gjev ut Møre heiter Aarflots prenteverk.