Norsk Litteraturfestival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene (eller berre Norsk Litteraturfestival) er ein årleg festival på Lillehammer i slutten av mai.

Festivalen vart skipa i 1995 og har sitt opphav i Nansenskolens Sigrid Undset-seminar i 1993 og 1994. Seminara og festivalen fekk sitt namn etter forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur, Sigrid Undset, som budde på Lillehammer frå 1919 til ho døydde i 1949.

Litteraturfestivalen er den største i sitt slag i Norden. Hovudvekta ligg på norsk samtidslitteratur og samspelet mellom litteraturen og samfunnet. Frå festivalen i 2007 har Norden vorte sett meir i fokus, og dei siste åra har det internasjonale preget vorte sterkare. Festivalen fekk frå 2006 status som knutepunktinstitusjon, det vi seie at festivalen er rekna som leiande innanfor sitt område i Noreg og har rett til løyvingar på eigen post over statsbudsjettet.

Norsk Litteraturfestival har definert to hovudmål, å auke den ålmenne interessa for litteratur, og å vere ein sentral arena i Noreg for litteratur. Verkemidla for å nå desse måla er nettverksbygging, samarbeid med dei relevante lokale, regionale, nasjonale og internasjonale kulturinstitusjonane og organisasjonane, og dugnadsånd.

Litteraturfestivalen har òg vorte det største bransjetreffet i Noreg for forfattarar, omsettarar, kritikarar, forleggarar, bokhandlarar og bibliotekarar.

Festivalen kan by på eit vidt spekter av store og små arrangement, som til dømes møte med forfattarar og forfattarskap, opplesingar og intervju, debattar, føredrag, konsertar, kunstutstillingar, seminar, teater, film, quiz, prisutdelingar og fotballkamp. Eit stort lesande publikum skal finne noko av interesse, anten dei er barnehageborn, familiar, skuleelevar, lærarar, studentar, pressefolk eller politikarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]