Norsk Luthersk Misjonssamband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Luthersk Misjonssamband ved Sinsenveien 25 i Oslo.

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) (tidlegare «Norsk Kinamissionsforbund» eller «Kinamisjonen») er ein norsk lekmannsorganisasjon som reknar seg sjølv som å vere «i kyrkja, men ikkje under kyrkja». Med dette meinast at organisasjonen er sjølvstyrande – og ikkje reknar seg sjølv for å vere underlagt korkje staten eller biskopane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen vart skipa i 1891 for å senda misjonærar til Kina, då under namnet «Det norske Kinamissionsforbund» folkeleg omtala som «Kinamisjonen». Opptakten til skipinga av organisasjonen fann stad i Bergen kvar nokre kvinner som hadde «fått stor naud» for Kina og kinesarane kontakta forkynnaren Johannes Brandtzæg og fekk han med på å skipa organisasjonen. Brandtzæg vart òg organisasjonens første generalsekretær.

Nye arbeidsmarker[endre | endre wikiteksten]

Då organisasjonen nærma seg 60 års alder, like etter andre verdskrigen, vart arbeidet i Kina stogga, grunna kommunistane si maktovertaking der, og ein laut finna nye arbeidsmarker. Etiopia vart tidleg vald – men organisasjonen heldt fram arbeidet både i Hongkong og på Taiwan i tillegg til å byrja utstrekt arbeid i fleire afrikanske land – og i Sør-Amerika. Sidan arbeidet i Kina tok slutt vart det også naturleg for organisasjonen å endra namn – og dermed vart namnet Norsk Luthersk Misjonssamband teke i bruk. NLM er i dag ein av Europas største misjonsorganisasjonar.

Misjon[endre | endre wikiteksten]

Totalt har Norsk Luthersk Misjonssamband kring 200 misjonærar som arbeider aktivt i elleve land i tre verdsdelar. Sentralt i arbeidet står evangelisering av «unådde folkeslag», men ein brukar òg ressursar på hjelpearbeid innanfor helse, jordbruk og skule.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen sin logo er ein globus med overliggande kross – og mottoet er «Verda for Kristus». Organisasjonen sin visjon er at Bibelens bodskap skal verta formidla til menneske i utlandet – så vel som i Noreg. Arbeidet i Noreg er utstrekt – med ei lang rekke emissærar som reiser over heile landet. Arbeidet i Noreg er knytt saman av kring 3000 foreiningar og forsamlingar delt over 16 krinsar. Innanfor dette nettverket driv ein barnelag, juniorklubbar, ungdomslag, kor, misjonsforeiningar, kvinneforeiningar og mannsforeiningar.

Organisasjonen driv og – anten åleine eller saman med andre – 25 skoler frå grunnskulenivå og helt opp til høgskulenivå. Vidare driv organisasjonen 33 leirstader, 38 barnehagar og fire nærmiljøsentra, eitt bokforlag og eitt musikk/media-forlag. Gjennom dotterorganisasjonen Norea Mediemisjon driv dei ei rekkje lokalradioar og eit omfattande internasjonalt radioarbeid som vert sendt over hele verda. Organisasjonen gjev vidare ut bladet Utsyn og gratismagasinet Yapa. På internett driv dei ungdomsportalen dittparadis.no og nettmagasinet Frukt, og ein medieklubb for born som vert kalla Superblink.