Norsk Republikansk Allianse er eit politisk parti som stilte til val i eitt fylke, Sør-Trøndelag, ved stortingsvalet 2005. Førstekandidaten var Erland Skattem frå Ørland. NRA gjekk mellom anna inn for å fjerna all moms på mat, redusera bensinavgiftene med to kroner, avgrensa antal periodar nokon kan sitja på Stortinget eller i regjeringa til tre periodar og "begrensing av ytre innvandring", dessutan republikansk styresett i Noreg.
Partiet fekk 92 røyster, som var 0,06 % av røystene i Sør-Trøndelag, og 0,003 % av røystene på landsbasis.
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad.